Skatteoppgjer

Siste halvdel av juni startar skatteetaten varsling om skatteoppgjeret. Første moglege dato for utbetaling om du har pengar til gode er 22. juni.

 

Vanlegvis vert tilgodebeløp utbetalt 1–2 veker etter at skatteoppgjeret er klart. Beløp under 100 kroner vil ikkje bli utbetalt. Meir informasjon finn du på skatteetaten.no 
 

Har du fått restskatt, sjå restskatt - betaling og innkrevjing.

 

Endre kontonummer

Ønskjer du å endre kontonummer for utbetaling av tilgodebeløp, kan du gjere dette i Altinn. Fristen for gjere dette elektronisk er 15. mai. Etter fristen må du ta kontakt med skatteoppkrevjaren for å endre kontonummeret. 

 

Har du levert skattemeldinga på papir, kan du ikkje endre kontonummeret elektronisk. Du må ta kontakt med skatteoppkrevjaren i kommunen. 
 

Skatteoppkrevjaren kan normalt endre kontonummeret fram til ei veke før dato for skatteoppgjeret.


Skatteoppkrevjaren i Førde kommune:

 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 12.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Nyttige lenker (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering