Etablerarprøven for serveringsverksemd

Ønskjer du å starte ein serveringsstad, må du eller han/ho som skal vere styrar, ha bestått etablerarprøven for serveringsverksemd.  


Kor kan du ta prøven?

Du kan ta prøven på Servicetorget i Førde rådhus, Hafstadvegen 42. Ring oss på telefon 57 72 20 00 for å avtale tidspunkt. Det er nok å avtale nokre dagar i forkant. 

 

Gjennomføring av prøven

  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minuttar. Du må svare rett på 40 av 50 spørsmål. 
  • Prøven må du ta på norsk. Det er ikkje høve til å ta med tolk eller bruke ordbok. Du kan ta med lovsamling. 
  • Ta med gyldig legitimasjon (pass, førarkort eller bankkort med bilde).
  • Det kostar 400 kroner å ta prøven.
  • Du kan ta prøven på nytt heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. 
     

Læremiddel

Det kan vere lurt å lese gjennom læreheftet før du tar prøven. Vi har eit par hefte til utlån på Servicetorget, men du kan òg kjøpe det direkte frå www.vinn.no.
 

I tillegg til lærehefte kan du og kjøpe tilgang til elektronisk test. 

 

Prøvebevis som dokumentasjon 

Alle som består etablererprøven får eit prøvebevis, som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid. 

 

Vil du vite meir?

Vi svarar gjerne på spørsmål. Kom innom oss eller ring oss på telefon 57 72 20 00.
 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar