Ambulerande skjenkeløyve

Har du planar om å servere alkoholhaldig drikk mot betaling i eit lukka selskap, må du søke om eit ambulerande skjenkeløyve. 

 

Skal du ha eit ope arrangement, det vil seie at du på førehand ikkje veit kven som kjem, må du søke om eit skjenkeløyve for eit enkelt høve. 

Du treng ikkje ambulerande skjenkeløyve 

  • om du har eit privat arrangement og gjestene har med seg alkoholhaldig drikk eller du serverer alkohol utan betaling 
     

Ambulerande skjenkeløyve

  • Gjeld lukka lag, det vil seie at ein på førehand veit kven som kjem på arrangementet.
  • Ein person må vere ansvarleg for skjenkinga. Ansvarleg skjenkestyrar må vere fylt 20 år. Det er ikkje krav om bestått kunnskapsprøve.
  • Søknaden må innehalde stad for arrangementet, kva som skal skjenkast og ønskt skjenketid.
  • Eit gebyr på 250 kroner vert krevd inn i ettertid.
     

Skjenkeløyve for eit enkelt høve

Skjenkeløyve for eit enkelt høve gjeld arrangement som er ope for publikum. Kommunen vil i slike saker innhente uttale frå politiet og sosialtenesta. Søk i god tid før arrangementsdato. 

 

Korleis søke?

Du brukar same søknadsskjema for å søke om ambulerande skjenkeløyve (lukka selskap) eller skjenkeløyve for eit enkelt høve (ope arrangement). 


Om du treng hjelp til å søke, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.

 

 

Kor lang tid tek det?

Servicetorget behandlar søknaden så raskt som mogleg. Du får vanlevis svar på søknad om ambulerande skjenkeløyve innan 14 dagar. 


Søknad om skjenkeløyve for eit enkelt høve kan ta noko lengre tid. Søk difor i god tid før arrangementsdato. 

 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Servicetorget på telefon 57 72 20 00
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar