Eigedomsskatt

Eigedomsskatt er ein kommunal skatt som vert skrive ut i samsvar med lov om eigedomsskatt til kommunane, samt vedtekter godkjend av bystyret.

Eigedomsskatt er innført for alle eigedomar i Førde kommune frå 2007. Tidlegare (frå 1985) var det eigedomsskatt for bustader i sentrumsområdet, samt verk og bruk i heile kommunen.

Hovedtaksering - justering av takstar

Hovedtaksering vart utført i 2007, og gjeld i 10 år. Bystyret har, i staden for ny taksering, vedtatt 10 % kontorjustering av eigedomsskattetaksane med verkna frå 01.01.2019. Det vart gjort tilsvarande justering i 2017 og 2018. Bakgrunnen for justeringane er at takstane i Førde kommune er frå 2007 og ikkje har fulgt prisstigninga. Promillesatsen for 2019 for næring er 6. For bustad og fritidsbustad er promillesatsen 2,4.

Ny verdisetting

Dersom ein eigedom i tida mellom to ålmenne takseringar vert delt, når bygningar på eigedomen vert nedrevne eller øydelagde ved brann o.l, eller når det vert oppført nye bygningar på eigedomen skal det vere ny verdisetting, dersom det er grunn til å tru at endringa minst vil svare til eit verde på kr 50.000.

Frist for omtaksering

Fristen for å kreve omtaksering er i utgangspunktet 1. november i året før skatteåret, men Førde kommune har sett fristen for innmelding av endringar til 31.12. før skatteåret.

Om eigedomsskatten

Eigedomsskatten, promillesats, terminar, fritak etter eigedomsskattelova § 7 og utskrivingsområde blir vedtatt i bystyret kvart år i samband med budsjettbehandlingane.

Om taksten

Taksten skal vise den antatte marknadsverdien jf. eigedomsskattelova § 8 A-2 (1):
 

"Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal."
 

NB: Eigedomsskattetaksten må ikkje forvekslast med likningsverdien for eigedomen som vert fastsett av skatteetaten!

Fritak

Frist for søknad om fritak etter § 7 er 1. september og eit eventuelt fritak vil gjelde for komande år.

Skattesetel

Vi sender skattesetel digitalt. Dette er ein oversikt over takst og skatt og innheld ikkje faktura. Dersom du ikkje opnar brevet i Altinn vil du få det i posten etter nokre dagar.  

Kunngjering

Eigedomsskatteliste med opplysningar om alle skattelagde eigedomane vert lagt ut til offentleg gjennomsyn før den 1.3. og ligg ute i minst 3 veker. Den ligg på kommunen si nettside, og i papirformat på Servicetorget på Førde rådhus og biblioteket.

Kontakt

bilde av personen: Dagun Indrebø Muri

Dagun Indrebø Muri

Konsulent
Telefon : 57 61 26 63

Snarvegar