Serveringsløyve

Planlegg du å starte ein stad der det skal serverast mat og/eller drikke, må du ha serveringsløyve. Skal du servere alkohol må du i tillegg ha skjenkeløyve

 

Om du har overtatt ein eksisterande serveringsstad, kan du drive vidare på tidlegare eigar sitt løyve medan du ventar på at din søknad vert handsama. Dette gjeld kun i ein overgangsfase på tre månader og berre om bestemte vilkår er oppfylt. 

Korleis få serveringsløyve?

  • Dagleg leiar ved serveringsstaden må ha bestått etablerarprøva for å kunne søke om serveringsløyve. Løyve vert gitt til selskapet som eig staden. 
  • Serveringslova stiller krav om uklanderleg vandel.
  • Er det eit eigarskifte, må du søke om eige serveringsløyve seinast 30 dagar etter at du teikna avtale om overtaking. 
     

Korleis søke om serveringsløyve?

Vedlegg som må følgje søknad om serveringsløyve:

  • Stadfesting på bestått etablerarprøve
  • Skatteattest
     

Gå til søknadsskjema > (PDF, 183 kB)

 

Servicetorget gjer vedtak om serveringsløyve og kan gje rettleiing i høve utfylling av søknad. Ta kontakt per telefon 57 72 20 00 eller via chat
 

Kor lang tid tar det?

Søknad om serveringsløyve skal handsamast innan 60 dagar. I Førde kommune vil det vanlegvis gå raskare enn det. 

 

Opningstider for serveringsstader

I følgje Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020 (PDF, 629 kB), pkt. 4.1.5 er det følgjande opningstider for matservering i Førde kommune: 

  1. Serveringsstader kan halde opent mellom kl 06:00 og kl 03:00 (matservering)
  2. Bystyret kan fastsette reduserte opningstider for den enkelte serveringsstad.
  3. Bystyret gir formannskapet mynde til, når særlege grunnar foreligg, å gje løyve til å lukke seinare eller opne tidlegare enn til dei tider som er fastsatt for kommunen.
  4. Bensinstasjonar og storkioskar vert unnateke frå opningstid i punkt 1, med mindre formannskapet i enkelte tilfelle bestemmer noko anna. 
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 23.08.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering