Sal og skjenking av alkohol

Sals- og skjenkeløyve for alkohol gjeld vanlegvis i 4 år. Noverande løyve gjeld frå 1. juli 2016 og fram til 30. september 2020. I Førde vil løyva bli vidareført i neste periode utan krav om ny søknad. Føresetnaden er at politiet ikkje har merknader til sals- og skjenkestadane.  

 

Nyetableringar må søkje om sals- eller skjenkeløyve før oppstart av verksemda. Søknad om løyve skal opp til politisk behandling. Dette kan difor ta litt tid alt etter korleis søknaden kjem i forhold til møtedatoar. Søk difor i god tid før oppstart. 


Rusmiddelpolitisk handlingsplan 2016 - 2020  (PDF, 629 kB) styrer Førde kommune sin alkoholpolitikk. Planen vert revidert kvart fjerde år. 

Publisert av Kirsten Sunde. Sist endra 21.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Snarvegar

 
 
Login for redigering