Turforslag

Turgåarar i Førde - Klikk for stort bilete

16 nærturar i Førde

I brosjyra finn du 16 flotte nærturar i Førde. Kjekt for deg som er ny i Førde, på gjennomreise, eller for deg som treng inspirasjon til nye turmål. Turane rangerer frå enkel til krevjande, så her er det noko for alle. Det er med ei kort skildring av kvar tur. Vil du vite meir er det lenke til kart og meir informasjon. 

 

 

Dagsturhytta Gytta

Hytta ligg veldig flott til med nydeleg utsikt over Førde. Vi vil foreslå at du tar turen opp på kvelden, det er magisk! Ta med hodelykt! Hytta ligg på stien frå Vieåsen, mot Viefjellet, ca 250 moh.

 

Det tar 15 minuttars gange frå toppen av Rennekleiva. Men vi vil helst at du parkerer i krysset ved aktivitetsparken i Vieåsen, her er det ein eigen parkeringsplass. Herifrå følgjer du turvegen langs parken 100 meter før turvegen svingar opp mot Viefjellet.

 

Dagsturhytta er eit tilbod for absolutt alle, liten eller stor, gamal og ung. Det er fint å sitte inne å sjå utover Førde, ta gjerne med noko å ete og drikke. God tur! 

 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Trond Ueland

Kommunalsjef
Telefon : 57 61 27 05
Mobil: 913 37 410

Snarvegar