Tilskotsmidlar innan kultur og idrett

Spelemidlar til idrettsanlegg

Kommunen gjev rettleiing og behandlar søknader om statlege spelemidlar til anlegg og område for idrett og friluftsliv.

 

  • Ny søknadsfrist for spelemidlar 2019: 1. november 2018
     

Du finn all informasjon og søknadsskjema på www.anleggsregisteret.no, men søknaden sender du til Førde kommune. Vi behandlar søknaden og sender vidare til fylkeskommunen. Det er fylkeskommunen som avgjer søknaden. 

Spelemidlar skal gå til:

  • Nybygg av idretts- og friluftsanlegg.
  • Rehabilitering av idretts- og friluftsanlegg.
  • Nærmiljøanlegg (utandørsanlegg for fysiske aktivitetar i tilknyting til buområde).
     

Kven kan søke om spelemidlar?

Kommunar, idrettslag og andre samanslutningar kan søke om spelemidlar til idrettsanlegg.


Føresetnad for søknader om spelemidlar i Førde kommune

  • Anlegget må vere med i Kommunedelplan for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv (PDF, 521 kB)
  • Planane for anlegget det vert søkt om må på førehand vere godkjent av kommune/departement.
  • Førehandsgodkjenning må føreligge før arbeidet vert sett i gang.
  • Anlegget skal ikkje drivast på kommersiell basis. 
  • Spelemiddelsøknaden sender du elektronisk. Du finn informasjon og lenke til søknadsskjema på www.anleggsregisteret.no
  • Søknaden sender du til Førde kommune. Vi behandlar søknaden. Deretter går søknaden til fylkeskommunen, som avgjer søknaden. 


Kva er spelemidlar?

Spelemidlar er overskotet frå dei ulike spela som vert administrert av Norsk Tipping, og som vert fordelt til ulike allmennyttige føremål.

 

Den viktigaste målgruppa for spelemidlar til idrettsføremål er barn og ungdom.

 

Kulturmidlar

Kulturmidlar skal vere ei støtte til lag og organisasjonar som driv allment kulturarbeid i Førde kommune. Det finst to ulike tilskotsordningar:


Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller på chat/nettprat.


Lag og organisasjonar som søkjer må vere basert på individuelt medlemskap og vere opne for alle. 

 

Vaksenopplæring - lokale til studietiltak

Det er mogleg å søke om gratis lokale til studietiltak innan vaksenopplæring. Føresetnaden er at vaksenopplæringa får statstilskot og er godkjent av den sentrale studieorganisasjonen det tilhøyrer

 

Spørsmål?

Har du spørsmål, ta kontakt med Servicetorget på chat/nettprat eller tlf. 57 72 20 00.
 

Kontaktperson for tilskotsmidlar innan kultur og idrett:

  • Kommunalsjef Trond Ueland, tlf. 913 37 410/57 61 27 05
  • Kulturkonsulent Inge Larsen, tlf. 915 56 326/57 61 27 63
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Trond Ueland

Kommunalsjef
Telefon : 57 61 27 05
Mobil: 913 37 410

Inge Larsen

Idrettskonsulent
Telefon : 57 61 27 63
Mobil: 915 56 326

Snarvegar