Dette må du gjere før du søker

Korleis du skal søke kjem an på kva du skal bygge, rive eller endre.

Før du bygger, river eller gjer endringar må du sjekke kva planer og føresegner som gjeld for din eigedom. Det kan vere avgrensingar/føringar i kommune- og reguleringsplan for korleis du kan bruke bygget eller området der du eig/bur. Du får reguleringskart og reguleringsføresegner via kartsidene til Førde kommune eller på Servicetorget.

Kor mykje av eigedomen er bebygd frå før?

Kor mykje du kan bygge på eigedomen din er avhengig av kva reguleringsføresegnene tillet på eigedomen og kor mykje du har bygd frå før. Ved kompliserte utrekningar vil vi tilrå at du tek kontakt med fagfolk.

Du finn meir informasjon om målereglane på Direktoratet for byggkvalitet sine nettsider.

 

Bygningen må plasserast minst 4 meter frå nabogrense

Viss det er gitt ei byggegrense for din eigedom, må du plassere heile bygningen innafor denne grensa. Finst det ikkje noko byggegrense er hovudregelen at bygningen skal plasserast minst 4 meter frå nabogrense.

Det vert vurdert unntak frå hovudregelen dersom:

  • Du har skriftleg samtykke (fråstandserklæring) frå råka naboar.
  • Samla bruksareal eller bebygd areal av tiltaket ikkje er over 50 kvadratmeter.

 

Skal du bygge i nærleiken av ein veg?

Når du bygger skal minste avstand til midten av regulert kommunal- og fylkesveg vere minst 15 meter og minst 50 meter frå midten av regulert riks- og europaveg. Dersom du skal bygge nærare enn dette må du søke vegmynde (kommunen- eller Statens Vegvesen) om dispensasjon frå avstand til veg.

Sjå informasjon frå Statens vegvesen om korleis du kan søke digitalt om dispensasjon frå byggegrense

 

Avkøyrsle

Dersom du skal opprette eller endre bruk av avkøyrsle, må du sende inn situasjonsplan og lengdesnitt som vedlegg til søknaden. Dersom du skal endre eller opprette ei avkøyring utafor område omfatta av reguleringsplan, må det også ligge føre løyve frå Teknisk Drift.

Dersom du skal endre eller opprette ei avkøyrsle uavhengig av ei byggesak, må du søke Teknisk drift om løyve.

 

Løyve eller samtykke frå anna mynde

I nokre saker må du hente inn løyve eller samtykke frå andre deler av kommunen eller anna mynde.

 

Graving og forureining

Dersom tiltaket medfører graving og det er mistanke om forureining i grunnen, må det gjerast grunnundersøkingar. Tiltaksplan skal sendast til kommunen for godkjenning.

 

Riving

  • Du må varsle eventuelle panthavarar eller kreditorar som har pengehefte i eigedomen før du sender inn søknad om løyve til riving.
  • Der bygningen er tilkopla kommunalt vatn- og avløpsnett må du ta kontakt med teknisk drift. 

 

Gå til Slik søker du om byggetiltak >

 

 Til toppen >

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar