Kart

Kartportalen er eit avansert kart som krev Internet Explorer (10 eller 11) og installasjon av Silverlight. Du kan søkje på adresse, stadnamn, eigedomar, koordinator eller planar i planarkivet. Du kan også zoome deg inn i kartet. 

 

Gå til kartportal >

 

Er du profesjonell og skal bruke kart til betalte oppdrag, kan du bestille kartfiler her:

 

Kjøp av kartdata >

Slik finn du plan for din eigedom og føresegner

Søk på gards- og bruksnummer, adresse, eller zoom deg inn på eigedomen. For å finne ut om det er ein reguleringsplan for din eigedom held du musepeikar over "Kartlag" (nedst i kartet). Klikk på din eigedom i reguleringsplanen og vel RpOmråde. Du får då opp ein boks med opplysningar om reguleringsplan som gjeld for din eigedom. 
 
 
 

Finn føresegner til plan

Føresegner til reguleringsplan/utbyggingsplan, og anna planinformasjon, kan du finne på denne måten:
 
  • Zoom deg inn til aktuelt område og pass på at du har valt karttype "Reguleringsplan".
  • Klikk i kartet og du får meir planinformasjon.
  • Klikk på lenka  Vis i WebPlan, som då vil kome opp i eit eige vindu. Her finn du alle plandokumenta, føresegner finn du under bestemmelser.

Skjermbilde kartportal - Klikk for stort bilete

Om dei digitaliserte plankarta

Dei digitaliserte plankarta kan vere forenkla og standardisert i høve dei vedtekne plankarta. I enkelte tilfelle kan det vere nødvendig å samanlikne det digitale plankartet med det opprinnelege vedtekne plankartet for avklaring av det juridiske innhaldet i plankartet.
 
Vedtekne plankart, føresegner og andre relevante dokument knytt til planen finn ein under "Vis i WebPlan".
 
 

Kvite område

Der kartet ikkje viser regulerings- eller utbyggingsplanar - kvite område, er det fordi:
 
område er uregulert (gjeld det meste av dei kvite områda)
område er overstyrt av arealføremål i kommuneplanen
 
 

Andre planar i Førde kommune

Du finn kommunedelplanar og temaplanar under andre planar. Ny arealdel av kommuneplanen vart vedteken 28. mai 2015.
 
 

Nyttige kartlenker

  • Informasjon frå matrikkelen og grunnboka finn du på seeiendom.no
  • Kart og arealtal for landbrukseigedomar finn du på gardskart
  • På ut.no finn du turtips i Indre Sunnjord 
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 31.05.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Nyttige lenker (3)

Kontakt

Ingeniør
bilde av personen: Ole Jakob Sande
Arealplanleggar
Arealplanleggar
 
 
Login for redigering