Korleis foregår planarbeidet?

Når det skal utarbeidast reguleringsplan for eit område, er det krav i plan- og bygningslova til korleis dette skal foregå.  

 

> Sjå også: Søkje dispensasjon frå plan

Profesjonell forslagsstiller 

Den som skal utarbeide forslag til ein reguleringplan (forslagsstiller) må vere fagkyndig. Om det er behov for regulering eller omregulering av din eigedom, må du knytte til deg ein profesjonell forslagsstillar.  

Vanlege fasar i ein planprosess

  1. Oppstartsmøte
    Før planarbeidet startar opp må forslagsstillar ha eit møte med kommunen (byggesak- og arealforvaltning) om planarbeidet. I oppstartsmøte gir kommunen rammer og føringar for planarbeidet.
     
  2. Varsling
    Forslagsstillar skal varlse oppstart av planarbeid. Dette gjerast ved kunngjering i avis og gjennom elektronisk media, samt ved utsending til aktuelle høyringsinstansar og berørte partar som grunneigarar og naboar.
     
  3. Planforslag
    Forslagsstillar utarbeidar eit planforslag på bakgrunn av rammer og føringar frå kommunen, og innspel til planarbeidet som har kome gjennom varslinga. 

    Planforslaget vert sendt til kommunen, som gjennomgår det innsendte materialet og førebur saka for 1. gongs handsaming. 
     
  4. Førstegongshandsaming
    Ved første gongs handsaming føreligg det eit konkret forslag til reguleringsplan. Forslaget skal innehalde eit plankart og eit sett med føresegner. I tillegg følgjer det eit saksframlegg eller ei saksutgreiing som skildrar planforslaget. 

    Planforslaget vert handsama av planutvalet. Forslaget vert enten lagt ut til høyring, bearbeida eller avvist. 
     
  5. Offentleg ettersyn (eller høyring)
    I høyringsperioden vert alle berørte varsla, og kan kome med innspel til planen. 
     
  6. Andregongshandsaming
    Når høyringsfristen er ute, vert ny handsaming av planforslaget førebudd av byggesak- og arealforvaltning. Saka går til planutvalet før den går til bystyre for endeleg vedtak.
     
  7. Vedtak 
    Bystyret vedtek reguleringsplanar. Gjennom ein vedteken reguleringsplan vert arealbruken gjort bindande for den enkelte grunneigar. 
     
  8. Kunngjering av vedteken reguleringsplan
    Når ein reguleringsplan er vedteken, vert dette kunngjort. Du har høve til å klage på vedtaket.
     

Handsamingstid

Handsamingstida for ein reguleringsplan er avhengig av saka sin kompleksitet og storleik. 

Når det vert sendt inn eit privat planforslag, har kommunen ein frist på 12 veker på å førstegongshandsame planforslaget. Fristen gjeld frå komplett planforslag er innsendt. 
 

Mange reguleringssaker kan vere kontroversielle, både politisk, i forhold til overordna mynde, nabolag eller ulike interessegrupper. Slike saker kan difor ta lengre tid. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 11.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Arealplanleggar

Snarvegar

 
 
Login for redigering