Sjukeheimsplass - Førde Helsetun

Førde Helsetun, Langebruvegen 32, er Førde sin sjukeheim. Her kan dei tilby: rehabilitering, korttids- og avlastningsplass, samt sjukeheimplass.
 

 Kven kan få sjukeheimsplass?

  • Langtidsplass er for eldre som har eit stort behov for omsorg og pleie heile døgnet, men som ikkje treng behandling på sjukehus. 
  • Korttidsopphald på sjukeheimen er for deg som har behov for rehabilitering, habilitering eller utredning. 
  • Avlastningsplass er til pårørande som har særleg tyngande omsorgsoppgåver.
  • Før sjukeheimsplass vert innvilga skal det vere prøvd ut med tenester i heimen.
     

Korleis søkje?

  • Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende den med søknaden.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde 
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine hjelpebehov. 
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du har skriftleg melding om grunnen til det. 
  • Om du får tilbod om sjukeheimsplass, blir du tildelt ein korttidsplass eller ein langtidsplass. 
     

Kva kostar det?

  • Kor mykje du skal betale for sjukeheimsplass, avhenger av din økonomi og kva slags plass du får. 
  • Korttidsplass kostar kr 155 per døgn.
  • Dagopphald kostar kr 80 per dag. 

Sjå betalingssatsar for helse- og omsorgstenester (PDF, 48 kB)
 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Tildelingskontoret på telefon 57 72 20 00 kvardager mellom kl. 09:00–15:00
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 09.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Gunn Beate Kapstad Bruland
Leiar, Helsetunet korttidseining
Leiar, Helsetunet langtidseining
bilde av personen: Gunnvor Solheim Hjelkrem
Leiar, Helsetunet skjerma eining
Fagleiar Tildelingskontoret

Snarvegar

 
 
Login for redigering