Psykiatritenesta

Vi gir hjelp til deg som har vanskar innanfor psykiatri og rus.

Målsetting med tenesta

  • Hjelp til gode levekår og livskvalitet.
  • Hjelpa skal bidra til at du vert mest mogeleg sjølvhjelpen i dagleglivet.
     

Kven kan få hjelp? 

  • Du må ha hovudutfordring innan rus eller psykisk liding som fører til særleg stort hjelpebehov.
  • Du må ha behov for tilrettelegging i dagleglivet.
  • Du må ha legeerklæring med helseopplysingar som seier at du treng hjelp til eigenomsorg eller er avhengig av praktisk eller personleg hjelp i dagleglivet.
     

Praktiske opplysningar

  • Basisen i arbeidet er hjelp til sjølvhjelp.
  • Tenesta vektlegg at du er aktiv deltakar i eige liv.
  • Du kan få hjelp til medisinhandtering.
  • Vi kan gi råd og rettleiing til deg og dine næraste.
     

 Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Vi skal ikkje overta oppgåver du kan gjere sjølv.
  • Hjelp til reingjering og handling som ikkje du er med på, må du betale for.
     

Korleis får eg denne tenesta?

  • Du må bu i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og sende med søknaden.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om hjelp frå psykiatritenesta.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å kartlegge dine behov for hjelp. Deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden din så raskt som mogleg. 

 

Kan eg klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester

 

Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. 
 

For spørsmål, ta kontakt med: 

  • Tildelingseininga, tlf. 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
  • Psykiatritenesta, tlf. 57 02 12 90
  • Fagleiar psykiatrisk team: Liv Stafsnes, tlf. 902 96 687
  • Fagleiar avdeling Prestebøen: Britt Jorunn Bueie, tlf. 992 95 988
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 06.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Tore  Eide
Leiar Psykiatritenesta
 
 
Login for redigering