Tryggleiksalarm

Bur du aleine og treng å tilkalle hjelp i akutte situasjonar, kan du søkje om tryggleiksalarm. Alarmen berer du på deg heile døgnet og er ein enkel måte å tilkalle hjelp i akutte situasjonar. 

Målgruppe

Eldre, funksjonshemma og andre som kan kjenne seg utrygge ved å bu aleine. 

 

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende den med søknaden

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om tryggleiksalarm. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 574 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 

 

Kva kostar det?

Praktiske opplysningar ved leige av tryggleiksalarm

  • Alarmen er knytt til alarmsentralen i Florø heile døgnet.
  • Du må betale månadsabonnement for leige av tryggleiksalarmen.
  • Førde kommune tek atterhald om retten til å inndra tryggleiksalarmar som ikkje vert brukt i tråd med tildelingskriteria.
  • Utanfor ein radius på om lag 5–7 km frå Førde sentrum skal pårørande/nabo vere førstekontakt for alarmsentralen.
  • Du må gje løyve til at nøkkelboks vert montert ved inngangsdør.
  • Det er ein månads oppseiingstid.
  • Vedlikehald og reparasjonar som følgje av vanleg bruk vert dekka gjennom abonnementet.
     

For spørsmål, ta kontakt med: 

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
  • Heimetenesta på telefon 57 02 12 70 heile døgnet
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Gry Aase Alnes

Leiar for Tildelingseininga
Telefon : 57 61 27 87
Mobil: 959 51 766

Heimetenesta Døgnopent

Telefon : 57 02 12 70

Snarvegar