Omsorgsløn

Har du eit særleg tyngande omsorgsarbeid, kan du søkje om omsorgsløn. Omsorgsløn skal gi ein viss økonomisk kompensasjon for det private omsorgarbeidet du utfører. Kommunen avgjer om du får omsorgsløn, og kva nivå løna skal ligge på. 

 

Kva får du?

  • eit fast beløp kvar månad som ei godtgjersle for nokon av timane du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen
  • kontrakt med opplysningar om tal timar, timelønn og andre vilkår
     

Krav til søkjar

  • den hjelpetrengande må bu heime
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngande og gjelde nødvendige oppgåver
  • det må vere søkt om hjelpestønad frå NAV
  • den hjelpetrengande må støtte omsorgsgjevar sin søknad om omsorgsløn
  • det er ein føresetnad at søkjar utfører omsorgsarbeid som elles ville høyre inn under helse- eller omsorgstenesta i kommunen
     

Korleis søkje?

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om omsorgsløn. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
     

Kva skjer vidare?

Etter at du har søkt besøker vi deg for å vurdere og avklare kva oppgåver du utfører. Deretter gjer vi ei vurdering av kor mange arbeidstimar i veka du eventuelt kan få godtgjersle for.

 

Klage

Både omsorgsytaren og den hjelpetrengande kan klage på avgjerda. Du kan klage innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. 

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 05.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Konstituert leiar for Tildelingseininga

Snarvegar

 
 
Login for redigering