Middagslevering

Middagslevering er tilbod om middag levert heim. Tilbodet er til deg som ikkje kan lage eller varme deg ferdiglaga middag.

Kva får du?

Middagen vert laga av kjøkkenet på Helsetunet og levert ut varm av heimetenesta dagleg. Måltidet inneheld god og næringsrik kost og består av 2 rettar, suppe og middag eller middag og dessert. 


Det er utkøyring dagleg om ikkje anna er avtalt. 

 

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2017 kostar det 85 kroner per middag. Faktura vert sendt ut kvar månad. 
 

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB) og sende den med søknaden.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om middagslevering (matombringing).  

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/ Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde
 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsogstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg, og deretter skriv vi eit vedtak. 
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. 
     

For spørsmål om søknaden, ta kontakt med: 

  • Tildelingseininga på telefon 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
     

Spørsmål/beskjedar om endringar på di middagslevering, ta kontakt med:

  • Heimetenesta på telefon 57 02 12 70 heile døgnet
Publisert av Tildelingseininga. Sist endra 06.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Konstituert leiar for Tildelingseininga

Snarvegar

 
 
Login for redigering