Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er for deg som ikkje lenger meistrar eigen kvardag på same måte som før, og som har eit ønske om å meistre daglege gjeremål på ein betre måte.

Kva er kvardagsrehabilitering? 

Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa og tverrfagleg tilbod, der vi legg vekt på trening i daglege gjeremål i eigen heim. I samarbeid med deg vert det utarbeidd mål som du synest er viktig for deg å kunne meistre i din kvardag.

 

Døme på daglege gjeremål:

  • Påkledning
  • Trappegange
  • Dusj/personleg hygiene
  • Handling av varer
  • Utandørs gange
  • Deltaking i sosiale aktivitetar
  • Husarbeid
  • Hente posten
  • Stelle i hagen
     

Kva kan du forvente av oss?

Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar og heimetrenarar, som i samarbeid med deg kan bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg, og vi vil hjelpe deg til å trene på dei aktivitetane du synest er viktig å meistre i kvardagen din. For å oppnå dette arbeider vi intensivt saman med deg i ein tidsavgrensa periode.
 

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv.

 

Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er gratis. 

 

Korleis søke?

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om kvardagsrehabilitering. I søknadsskjema skriv du om dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. 

 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 574 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

 

Kva skjer vidare?

Når du søker om helse- og omsorgstenester er det Tildelingseininga som behandlar søknaden. Vi vil ta kontakt med deg for å gjere eit heimebesøk og kartlegge ditt hjelpebehov.

 

Har du spørsmål?

For spørsmål om kvardagsrehabilitering kan du ta kontakt med:

  • Ergoterapeut på telefon 481 67 200
  • Tildelingseininga på telefon  57 72 20 00, kvardagar kl. 09.00–15.00
Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Gry Aase Alnes

Leiar for Tildelingseininga
Telefon : 57 61 27 87
Mobil: 959 51 766

Snarvegar