Praktisk hjelp i kvardagen

Dette er hjelp til deg som har ei psykisk funksjonshemming og som treng tilrettelegging i kvardagen.

Om tenesta

  • Basisen i arbeidet er opplæring og målretta miljøarbeid - hjelp til sjølvhjelp.
  • Tenesta vektlegg aktiv brukarmedverknad, sjølvstendiggjering og deltaking.
  • Det er ingen eigenbetaling.
  • Påminning, motivering og rettleiing i dagleg reinhald og stell av bustad.
  • Rettleiing og hjelp til dagleg økonomistyring etter avtale med verje.
  • Motivering, rettleiing og hjelp til sosiale aktivitetar.
  • Butrening.
  • Opplæring i daglege aktivitetar/gjeremål.
     

Oppgåver som tenesta ikkje inkluderer

  • Overta oppgåver brukar kan gjere sjølv.
  • Praktisk hjelp til reingjering av heimen som ikkje er knytt til opplæring, er å sjå på som heimehjelp.
     

Korleis får eg denne tenesta?

  • Du må bu eller opphalde deg i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og levere den med søknaden.
  • Tildelingseininga behandlar søknaden og vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine hjelpebehov. 
  • Send søknad til:

                       Førde kommune v/ Tildelingseininga, pb 338, 6802 Førde

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

For spørsmål, kontakt:

  • Tildelingseininga på tlf: 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00.

 

Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 05.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Leiar, Bu- og miljøtenesta
Leiar for Tildelingseininga
bilde av personen: Harald Bjarte Reite
Leiar, Bu- og avlastingstenesta

Snarvegar

 
 
Login for redigering