Heimesjukepleie

Heimesjukepleien gir hjelp og rettleiing til eldre, sjuke eller personar med funksjonsnedsetting som bur heime. 

Kva kan eg få hjelp til?

  • hjelp med medisinar og medisinske prosedyrer
  • dagleg stell
  • sårbehandling
  • rettleiing om kosthald og helsespørsmål
  • hjelp til å stå opp, leggje deg og toalettbesøk
  • rettleiing og opplæring slik at du kan meistre oppgåver på eigahand (dosere medisinar, skifte stomi med meir)
     

Korleis søkje?

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og du må sende ein skriftleg signert søknad. 
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende den med søknaden.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om heimesjukepleie. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva kostar det?

Heimesjukepleie er gratis. 

 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å avtale eit heimebesøk. På heimebesøket kartlegg vi ditt hjelpebehov, deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar saka så raskt som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 
  • Dersom du får heimesjukepleie vil du etter 3 månader ha rett på gratis tannhelseteneste. Dersom det oppstår ein akutt situasjon kan du få gratis tannhelseteneste før 3 månader er gått.

 

Kan eg klage på vedtaket?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottek brevet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester


Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til Fylkesmannen, som avgjer om klagen skal takast til følgje. 
 

For spørsmål, ta kontakt med: 

  • Tildelingskontoret på telefon 57 72 20 00 mellom kl. 09:00–15:00
Publisert av Tildelingskontoret. Sist endra 17.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar Tildelingskontoret

Snarvegar

 
 
Login for redigering