Kvardagsrehabilitering

Kvardagsrehabilitering er for deg som ikkje lenger meistrar din kvardag som før, og som har eit ønskje om å meistre daglege gjeremål igjen. 

Kva er kvardagsrehabilitering? 

Kvardagsrehabilitering er eit tidsavgrensa og tverrfagleg tilbod, der vi legg vekt på trening i daglege gjeremål i eigen heim. I samarbeid med deg vert det utarbeidd mål som du synest er viktig for deg å kunne meistre i din kvardag.

 

Døme på daglege gjeremål:

  • Påkledning
  • Trappegange
  • Dusj/personleg hygiene
  • Handling av varer
  • Utandørs gange
  • Deltaking i sosiale aktivitetar
  • Husarbeid
  • Hente posten
  • Stelle i hagen
     

Kva kan du forvente av oss?

Vi er eit tverrfagleg team som er sett saman av ergoterapeut, fysioterapeut, sjukepleiarar og heimetrenarar, som i samarbeid med deg kan bidra til at du kan nå dine mål. Vi kjem heim til deg, og vi vil hjelpe deg til å trene på dei aktivitetane du synest er viktig å meistre i kvardagen din. For å oppnå dette arbeider vi intensivt saman med deg i ein tidsavgrensa periode.
 

Kva forventar vi av deg?

Vi forventar at du er motivert til å gjere ein innsats for å nå dei måla du har sett deg, slik at du i størst mogleg grad på nytt kan bli sjølvhjelpen i eige liv.

 

Kva kostar det?

Kvardagsrehabilitering er gratis. 

 

Korleis søkje?

Du brukar felles søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om kvardagsrehabilitering. I søknadsskjema skriv du om dine hjelpebehov og kva tenester du meiner du treng. 

 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 74 kB)

 

Send søknad til: 

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde 

 

Kva skjer vidare?

Når du søkjer om helse- og omsorgstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Dei vil ta kontakt med deg for å gjere eit heimebesøk og kartlegge ditt behov for hjelp. 

 

Har du spørsmål?

For spørsmål om kvardagsrehabilitering kan du ringe til:

  • Ergoterapeut på telefon 481 67 200
  • Tildelingskontoret på telefon  57 72 20 00
Publisert av Marita Brandsøy Lystad. Sist endra 16.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar Tildelingskontoret
Fagleiar

Snarvegar

 
 
Login for redigering