Individuell plan

Individuell plan er for deg som har hjelp frå mange ulike tenester. Planen skal vise dine mål og ønskje for i dag og fram i tid. Dokumentet er eit verktøy og ein metode for samhandling mellom deg og dei ulike hjelparane.

Målsetting med Individuell plan:

  • Å legge til rette for at du får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod
  • At du har ein kontaktperson som har hovudansvaret for å hjelpe deg
  • Styrke samhandlinga mellom deg og dei du får hjelp frå 
     

Praktisk informasjon

  • Søknaden vert vurdert ut frå behov for hjelp.
  • Planen er eit dokument og gjer ikkje auka rett til tenester. 
  • Får du individuell plan skal du ha eiga ansvarsgruppe.
  • Ansvarsgruppa består av kontaktpersonar frå dei ulike tenestene du har.
  • Du må vere med på ansvarsgruppemøte og delta i utforming av planen.
     

Korleis få tenesta?

  • Du må bu i Førde kommune, og du må sende ein skriftleg signert søknad. 
  • Dersom andre hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du i tillegg fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende med søknaden.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om individuell plan. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingskontoret
Postboks 338
6802 Førde

 

Kva skjer vidare?

  • Når du søkjer om helse- og omsogstenester er det Tildelingskontoret som behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg for å få kartlagt dine hjelpebehov. Deretter skriv vi eit vedtak.
  • Vi behandlar søknaden så raskt som mogleg. Dersom søknaden ikkje kan avgjerast innan ein månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. 
     

For spørsmål, ta kontakt med: 

  • Tildelingskontoret på tlf: 57 72 20 00 kvardager, kl. 09:00–15:00
Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 09.03.2017 av Marita Brandsøy Lystad
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar Tildelingskontoret
bilde av personen: Øystein Høyvik
Leiar, Fagutvikling og koordinering
Førstekonsulent

Snarvegar

 
 
Login for redigering