Hjelpemiddel

Utlån av hjelpemiddel er eit tilbod til deg som grunna sjukdom eller nedsett helse kan ha nytte av hjelpemiddel for å greie daglege gjeremål, og for å kunne vere meir sjølvstendig i eige liv.

Krykker i trapp - Klikk for stort bilete

Korttidslån 

  • Ved kortvarig behov for enkle hjelpemiddel som til dømes krykker, toalettforhøgar og arbeidssto, kan du få låne dette av kommunen
  • Utlånstid er 3 månader, med mindre noko anna vert avtalt
  • Heimetenesta har eit lager med enklare hjelpemiddel, og dei kan kontaktast for spørsmål om utlån


Langtidslån

  • Har du eit langvarig behov for hjelpemiddel, må du ta kontakt med fysio-og ergoterapitenesta
  • Fysioterapeut eller ergoterapeut hjelper deg då med å finne ut kva hjelpemiddel du kan ha behov for, og søker til NAV Hjelpemiddelsentral Sogn og Fjordane om utlån av dette.
  • Ved behov for reparasjon av hjelpemiddel, ta kontakt med heimetenesta eller fysio- og ergoterapitenesta.


For å få låne hjelpemiddel hos Førde kommune, må du bu eller opphalde deg i kommunen.

Kven kan du kontakte?

 

Kontakt

Telefon

Tidspunkt måndag- fredag

Korttidslån

Heimetenesta

57 72 21 20

09.00-15.00

Syn- og hørselshjelpemiddel

Heimetenesta

57 72 21 20

09.00-15.00

Langtidslån

Fysio - ergoterapitenesta

57 61 25 62

09.00-15.00

Reparasjon/henting/montering

/utlevering av hjelpemiddel

Heimetenesta

57 72 21 20

09.00-15.00

Akutt behov for reparasjon utanom arbeidstid

NAV hjelpemiddelsentralen

991 58 008

Alle tider utanom tida over

Publisert av Catrine Andresen. Sist endra 05.12.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar
Tenesteeining (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering