Fysioterapi

Fysioterapi er eit tilbod til menneske som av ulike grunnar har utfordringar med si fysiske funksjonsevne, og som kan ha nytte av opptrening og/eller habilitering og rehabilitering.

Fysioterapitenesta består av kommunalt tilsette fysioterapeutar og private fysioterapeutar som har driftsavtale med kommunen.
 

Her finn du oversikt over privatpraktiserande fysioterapeutar i Førde

Hovudoppgåver til kommunal fysioterapiteneste:

  • vurdering og opptrening av fysisk funksjonsnivå
  • vurdering, tilpassing og oppfølging av tekniske hjelpemiddel
  • habiliteringsoppgåver knytt til barn og unge
  • rehabiliteringsoppgåver knytt til vaksne og eldre
  • rettleiing av brukarar, pårørande og anna helsepersonell
  • bustadrådgjevning
  • drift av ulike treningsgrupper for eldre
     

Kontaktinformasjon:

Vi har arbeidsstad på Helsetunet i Førde, saman med ergoterapeutane. Besøksadressa vår er Langebruvegen 34, og postadressa vår er Førde kommune v/fysio- og ergoterapitenesta, postboks 338, 6802 Førde.

Hovudtelefonnummeret vårt er: 57 02 12 70

For å ta kontakt med dei einskilde tilsette:

  • Marita Brandsøy Lystad (fagleiar/fysioterapeut):  Tlf: 57 02 12 77/ 952 23 424
  • Bjørg Marifjæren (fysioterapeut):                          Tlf: 57 02 12 73/ 415 66 548
  • Turid Grimeland (fysioterapeut):                           Tlf: 57 02 12 74/ 970 53 198
  • Elisabeth Jørgensen Verås (fysioterapeut):          Tlf: 57 02 12 78/ 958 30 921
  • Kari Ølnes (fysioterapeut, vikar til 31.12.17)        Tlf: 57 02 12 76/ 474 88 361
  • Kristin Daling Felde (psykomotorisk fysioterapeut): Tlf: 57 02 12 75/ 474 88 356

 

Kva kostar det?

Frå 1. januar 2017 må i utgangspunktet alle pasientar betale eigenandel hos fysioterapeut, uavhengig av diagnose. Dette gjeld også for pasientar som får oppfølging av kommunalt tilsette fysioterapeutar.

Det er likevel nokre unntak frå dette. Det vil mellom anna ikkje bli kravd eigenandel hos pasientar som er inneliggande på institusjon, og det vil heller ikkje bli kravd eigenandel for hjelpemiddelformidling og anna tverrfagleg arbeid utført av fysioterapeutar.

I tillegg til dette er følgjande grupper unntekne frå å måtte betale eigenandel:

  • Barn og unge under 16 år
  • Personar med yrkesskade

Det vil bli sendt ut faktura på eigenandel, i etterkant av behandling/oppfølging, og det vil bli kravd inn eigenandel i samsvar med gjeldande takstplakat.

Når ein har betalt eigenandel tilsvarande 1990 kroner i løpet av eit kalendeår, oppnår ein frikort tak 2. Frikortet skal bli sendt ut automatisk ved oppnådd innbetaling.

Dersom ein ikkje kan møte til oppsett time hos fysioterapeut, må ein gje melding om dette seinast dagen før. Ellers lyt ein betale for den oppsette timen ein ikkje har møtt til. Betaling for manglande oppmøte gjeld også for dei som har frikort.

 

Har du behov for hjelpemiddel i ein kortare periode?

> Sjå hjelpemiddel

Publisert av Marita Brandsøy Lystad. Sist endra 31.08.2017 av Marita Brandsøy Lystad
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar/fysioterapeut
Leiar legeteneste og rehabilitering
Tenesteeining (1)
Eksterne lenker

Snarvegar

 
 
Login for redigering