Fysio- og ergoterapi

Fysio- og ergoterapitenesta er ein del av helsetenesta i Førde kommune, og tenesta er organisert under eininga Legeteneste og rehabilitering.

Fysio- og ergoterapitenesta er samansett av:

  • Kommunalt tilsette ergoterapeutar
  • Kommunalt tilsette fysioterapeutar
  • Privatpraktiserande fysioterapeutar med kommunal driftsavtale

Fysio- og ergoterapitenesta tilbyr tenester til menneske i alle aldrar, som i samband med skade, sjukdom, funksjonsnedsettingar eller andre livsendringar kan ha vanskar med å meistre eigen kvardag.

Fordelinga mellom dei kommunalt tilsette fysioterapeutane og dei privatpraktiserande med kommunal driftsavtale er i hovudsak slik at dei som kan greie å komme seg til privatpraktiserande fysioterapeut, må gjere dette. Dei kommunalt tilsette fysioterapeutane og ergoterapeutane har hovudansvar for dei som treng oppfølging i heimen, på institusjon eller i barnehage og på skule.

 

 

Publisert av Marita Brandsøy Lystad. Sist endra 09.03.2017 av Marita Brandsøy Lystad
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Fagleiar/fysioterapeut
Leiar, Lege- og rehabiliteringstenesta

Snarvegar

 
 
Login for redigering