Ope informasjonsmøte om Home-Start Familiekontakten

Klikk for stort bilete

Onsdag 1. november kl.18.00 vert det informasjonsmøte om Home-Start Familiekontakten på Førde Kyrkjetun. Frivilligsentralen og Helsestasjonen i Førde kommune er samarbeidspartar i arbeidet.

Kva er Home-Start Familekontakten

Home-Start Familiekontakten (HSF) er eit familiestøtteprogram der frivillige besøker småbarnsfamiliar med minst eit barn under skulealder, 2-4 timar i veka.

 

Tilbodet frå Home-Start Familiekontakten (HSF) er eit supplement til det offentlege hjelpeapparatet. Føremålet er å førebygge utvikling av belastningar og stress, støtte familien på det dei meistrar og avlaste etter familien sitt behov.

 

Interessert? 

Har du spørsmål om Home Start og arbeidet som familiekontakt? Lurer du på om dette tilbodet kan vere noko for deg og din familie eller andre du kjenner? Arbeider du med små barn og familiane deira og vil vite meir om tilbod som Home-Start Familiekontakten gjev?

 

Velkommen på informasjonsmøte onsdag 1. november!

Snarvegar