Førde seniorkor - eit frisklivsstilbod for alle over 60!

Klikk for stort bilete

Førde Seniorkor er eit opent tilbod for alle over 60 år i Førde kommune. Koret har som mål å vere ein møteplass til fellesskap, glede seg sjølv saman med andre og til glede for andre. Song og fellesskap er viktig for god helse og livskvalitet.

Koret har øvingar på Førde Helsetun måndagar kl 10.00 - 11.30. Kom og bli med!

Førde seniorkor

Førde seniorkor starta opp i januar 2008 gjennom prosjektet kultur og eldre. Koret har i prosjektperioden vore eit samarbeid mellom Førde kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune. Førde kommune v/ kultur, pleie- og omsorg, folkehelsekoordinator har i prosjektperioden vore sentral for gjennomføring. Økonomisk har den kulturelle spaserstokken vore sentral.

 

Førde Seniorkor er frå 1.1.2014 eit tiltak i Førde kommune. Førde kommune v/ Førde Helsetun langtidseining og Førde Kulturskule driftar Førde Seniorkor. Samarbeidspartar er Førde Frivilligsentral, folkehelsekoordinator og Førde Seniorkor sitt eige arbeidsutval/ styre.
 

Styret i Førde Seniorkor:

  • Leiar: Jorunn Sunde, tlf. 911 13 960, e-post: jorsu@frisurf.no
  • Nestleiar: Rønnaug Bolset
  • Kasserar: Ståle Sørbotten
  • Sekretær: Hjørdis Hagen, tlf. 416 35 180
  • Styremedlem: Åse Warvik
  • Varamedlem: Kari Grønfur

Snarvegar