Frisklivssentralen - Aktivitetar

Vekeplan for faste aktivitetar på frisklivssentralen Fritt Fram Førde. 

Måndag

Tysdag

  • Spenst+  Vanntrening 10.30 - 11.15, Spinning 9.15 - 10.30
  • Puls+ Seniortime 10.00 - 11.00
  • 09.00 - 10.00: Vanngym, Førde Terapibasseng 
  • 18.00 - 19.30: Førde internasjonale kor, Førdehuset
  • 18:00 - 20.00: Frivillig handarbeidsgruppe, Hero mottakssenter - partalsveker

Onsdag 

  • Spenst+  Seniorspinn 10.30 - 11.30
  • Puls+
  • 10.00 - 13.00: Indre Sunnfjord Turlag, oppmøte Essostasjonen, ca 3-timars tur
  • 10.00: Ti - Kaffi, Førde Kyrkjetun
  • 11.30 - 14.30. Gå-gruppe, lågterskel tur
  • 16.00 - 17.30: Kaffikos i omsorgsbustadane, Kyrkjevegen 17. Siste onsdag kvar mnd

Torsdag

  • Spenst+ Seniortrim 10.30 - 11.30
  • Puls+ Seniortime 10.00 - 11.00
  • 09.00 - 10.00: Basseng, Førde Terapibasseng
  • 18.00 - 20.00: Internasjonl kafè. Annakvar torsdag, partalsveke. 

Fredag

  • Spenst+
  • Puls+
  • 13.30 - 14.30: Vanngym, Førde Terapibasseng
     

Informasjon om aktivitetane

  • Seniorkoret har øving på måndagar, frå kl. 10.00 - 11.30  kaffistund kl. 11.30 - 12.00 for dei som ønskjer . Kontingent kr 300,- pr halvår. Kom gjerne å prøv før du bestemmer deg for å verte medlem.
  • Ti-kaffi er koseleg samlingsstund kvar onsdag klokka 10:00 i Førde Kyrkjelydshus, der det vert servert vaflar og kaffi.
  • Dette er ein møteplass for alle. Ingen fast program – ordet er fritt og alle er velkomen.
  • Turgruppe måndagar klokka 10-14 er for dei som kan gå ein lett fjelltur. Oppmøte Firda Avis.
  • Gågruppe onsdagar er for alle aldrar og er lågterskel – det vil si langsamt tempo. Passer ikkje for dei som vil gå med litt tempo.
  • Basseng tysdag, torsdag og fredag er trim i varmt vatn på Helsetunet. Dette er med instruktør.
  • Den Internasjonale Kafè er open for alle. Der vert servert kaffi, te og litt meir. Om du vil kan du ta med til «fellesbord». Arrangementet er gratis.
  • Førde Internasjonale Kor er eit tilbod for alle. Det er variert, rytmisk musikk med innslag frå ulike kulturar. Kvelden vert avslutta med kaffi og te.
  • Frivillige lagar til kaffikos i omsorgsbustadane i Kyrkjevegen 17 er siste onsdag kvar månad
  • Spenst + er eit rabattert abbonement på kr. 230, - pr månad dei første 6 månadar, deretter kr. 330,- for månaden, som gir fullverdig medlemskap. I tillegg får du fri tilgang til Crossfit, Spa og Basseng ved Scandic Sunnfjord Hotel inkludert i medlemskapet. (ordinær pris er kr. 589,- mnd). Rekning vert sendt direkte til deg frå Spenst.
  • Puls + er eit fullverdig og rabattert abbonement på kr. 299,- for månaden. Rekning vert sendt direkte frå Puls til den einskilde.

Du må gjere avtale med Frisklivssentralen for helsesamtale for å få redusert pris på Spenst og Puls. Ta kontakt på telefon 47 68 80 25. Du vil då få eit brukarbevis som du må vise fram på dei aktivitetar du meldar deg på.

  • Måndagsturane er gratis (evt kostnad for planlagde langturar vert varsla på førehand).
  • Andre gruppebasserte tilbod i regi av Fritt Fram vil vere gratis – det vil sei turar, trim i det fri, aktivitetar i nærområda og Friskliv, mat og helse.
  • Fritt Fram er eit kommunalt helsetilbod og vil ha tilgang på rettleiing frå fysioterapeut, ergoterapeut, lege, helsesøster, NAV samt andre offentlege instansar.
Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 09.03.2017 av Kari Valle
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Leiar, Førde ressurssenter
Folkehelsekoordinator
bilde av personen: Kari  Valle
Leiar Førde Frivilligsentral

Snarvegar

 
 
Login for redigering