Støttekontakt

Støttekontakt er eit fritidstilbod med tilpassa aktivitet saman med ein eller fleire. 
Tilbodet er tilpassa interesse og behov.

Målsetting med tenesta

  • Skal bidra til ei meiningsfull fritid saman med andre.
  • Legge til rette for at du kan finne deg vener og få eit nettverk.
  • Bidra til at du vert tryggare på deg sjølv, og i større grad kan meistre ulike livssituasjonar.
  • Bryte eller hindre sosial isolasjon og einsemd.
     

Praktisk informasjon om tenesta

  • Støttekontakt er til fritidsaktiviteter.
  • Treningskontakt er støttekontakt  der målsetting er hjelp til å kome i form med fysisk aktivitet.
  • Støttekontakt -og treningskontakt er gratis.
  • Det kan vere at du må søkje om følgjekort.
     

Andre fritidsaktivitetar

  • Ti-kaffi på Kyrkjelydshuset (onsdagar kl. 10:00 -13:00)
  • Onsdagstur
     

Korleis få tenesta?

  • Du må ha fast bustad i Førde kommune, og du  må sende skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt  (PDF, 18 kB)og levere den med søknaden. 
  • Tildelingseininga behandlar søknaden og vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging av dine hjelpebehov.

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søkje om støttekontakt: 
 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 46 kB)

 

Send søknad til:

Førde kommune
v/ Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

 

For spørsmål, ta kontakt med:

  • Tildelingseininga på tlf: 57 72 20 00, kvardagar kl. 09:00–15:00
  • Førde ressurssenter: Lise Beth Hånes, tlf: 908 11 667
     

Jobbe som støtte- og treningskontakt?

Det er mange vaksne i Førde kommune som treng støtte- eller treningskontakt. Nokon treng hjelp i ein overgangsfase, medan andre har større behov. 
 

Dette kan vere personar som har vanskar med å kome seg ut på eigahand, eller som på grunn av alder, funksjonshemming eller sosiale problem har behov for ei tilrettelagt fritid. 
 

For å jobbe som støttekontakt må du vere over 16  år. Du må i tillegg ha politiattest og skrive under på teiepliktskjema. Søk elektronisk og vi tek kontakt med deg for eit intervju: 
 

Gå til søknadsskjema >

 

Ønskjer du å snakke med støttekontakttenesta før du søkjer, ta kontakt med Lise Beth Hånes på telefon 908 11 667. 

Publisert av Catrine Vagstad. Sist endra 05.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

Konsulent
Konstituert leiar for Tildelingseininga

Snarvegar

 
 
Login for redigering