Dagtilbod gjennom Førde ressurssenter

Førde ressurssenter har dagtilbod for deg som er over 18 år og som av ulike årsaker ikkje kan delta i vanleg arbeidsliv. Tilbodet blir tilpassa dine interesser, ressursar og behov for å få ein meiningsfull kvardag. 

Kva tilbod har Førde ressurssenter?

  • Vi har både gruppetilbod og ein til ein -tilbod, tilpassa ditt behov for oppfølging. Alle har sin eigen vekeplan.  
  • Aktuelle arbeidsoppgåver kan vere produksjon av varer til butikken vår, kantinearbeid, stell og vedlikehald av grøntareal og fysisk aktivitet. 
  • Vi har dagtilbod måndag til fredag i tidsrommet 09.00–14.30. Vi har 4 veker feriestengt om sommaren. 

Følg oss gjerne på Facebook for å sjå aktiviteten vår. 

Korleis få tilbodet

  • Du må ha fast bustad i kommunen, og må sende ein skriftleg signert søknad.
  • Dersom nokon hjelper deg med å fylle ut søknaden, må du samstundes fylle ut ei Skriftleg fullmakt (PDF, 18 kB) og sende med søknaden.
  • Tildelingseininga behandlar søknaden. Vi tek kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov. 

Du brukar søknadsskjema for helse- og omsorgstenester for å søke om dagtilbod gjennom Førde ressurssenter. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 574 kB)

Send søknad til

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. 

Kan du klage på vedtaket frå kommunen?

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på fire veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Les meir om korleis du kan klage på helse- og omsorgstenester

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Lena Sørensen

Lena Sørensen

Leiar Førde ressurssenter
Telefon : 57 72 10 50
Mobil: 482 26 071

Snarvegar