Sosiale tenester frå NAV Førde

NAV Førde kontaktinformasjon:

  • Besøksadresse: Førde rådhus, Hafstadvegen 40 B, eigen inngang
  • Opningstider: 10:00–14:00 (timeavtalar også utanom opningstida)
  • Telefon: 55 55 33 33 mellom kl. 08:00–15:30
  • E-post: nav.forde@nav.no
  • Postadresse: Postboks 143, 6801 Førde
  • Telefaks: 57 01 58 21
  • Nettside: nav.no
     

På NAV Førde kan du få følgjande tenester: 

  • Råd og rettleiing dersom du har vanskar med økonomi, gjeld, bustad, helse, familieforhold eller anna.
  • Økonomisk sosialhjelp til naudsynt livsopphald dersom du ikkje kan sørgje for dette gjennom arbeid eller andre inntekstskjelder.
  • Mellombels bustad dersom du er i ein situasjon der du ikkje klarar å skaffe deg dette sjølv. 
  • Individuell plan dersom du har behov for langvarige og koordinerte tenester saman med andre instansar.
  • Kvalifiseringsprogram dersom du har nedsett arbeids- og inntektsevne, og ikkje har rett til ytingar etter folketrygdlova eller arbeidsmarknadslova. 

Korleis søke?

Søknad om alle tenester må vere skriftleg, men NAV-kontoret kan hjelpe deg med å skrive søknaden dersom du har vanskar med dette. 

 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 36 kB)

 

Søknadsskjema kan òg hentast på Servicetorget og på NAV Førde i Hafstadvegen 40 B.

 

Alle som søkjer om sosiale tenester får ei individuell samtale, der vi kartlegg behov for tenester og eventuell vidare oppfølging. Det er inga særskild aldersgrense knytt til å få vurdert behov for tenester.

 

Gjeldsrådgjeving

Dersom du har økonomiske problem kan du også ringe:

Her får du enkle råd og hjelp til sjølvhjelp. 

 

Det er gratis å ringe frå fasttelefon. Ringer du frå mobiltelefon, kan vi ringe deg tilbake om du ønskjer det. 

 

Er du speleavhengig og treng hjelp?

Du kan få behandling  om du er speleavhengig. Fastlegen, barneverntenesta eller konsulent på NAV-kontoret kan henvise til spesialisthelsetenesta. Les meir på Helse Førde sine nettsider.  

  • For deg som er under 23 år skal behandlinga starte innan fire veker.
  • For andre er det gitt ein rettleiande frist på 12 veker. 

 

Hjelpelinja for speleavhengige 800 800 40

Du kan ringe Hjelpelinja for å få meir informasjon om faresignal og konsekvensar ved speleproblem. Det er ein anonym og gratis hjelpetelefon (vanleg takst frå mobiltelefon). 

Fann du det du leitte etter?

Snarvegar