Rusmiddelmisbrukarar - tiltak

Dersom du treng hjelp til å kome deg ut av rusproblem, kan du vende deg til NAV Førde, tlf. 55 55 33 33.  Du vil få ein timeavtale med ein rettleiar. 

Hjelp til å kome ut av rusproblem

I timeavtalen vil rettleiaren kartlegge kva behov du har. Tiltak og oppfølging vidare blir som hovudregel utforma i samarbeid med deg. For at vi skal kunne tilby deg best mogeleg hjelp, er det viktig at du er open og ærleg om rusproblema dine.

 

Er du bekymra for ein slektning eller annan nær person?

Ved melding frå pårørande om omfattande rusmiddelproblem/misbruk, skal NAV Førde føreta naudsynte undersøkingar og vurdere tiltak, og eventuelt om det skal fremjast ei sak. Når saka er utgreidd får du som pårørande tilbakemelding.
 

Ta kontakt med NAV Førde for timebestilling:

Kontaktinformasjon NAV Førde Telefonnummer, adresse, e-post og opningstider
Telefon Opent Adresse E-post
55 55 33 33 (08:00-15:30) 10:00-14:00 Hafstadvegen 40 B nav.forde@nav.no
Sist endra 14.06.2016
Fann du det du leitte etter?

Snarvegar