Parkeringskort for rørslehemma

Med parkeringskort for rørslehemma kan du parkere på: 

  • parkeringsplassar som er reservert for rørslehemma
  • offentlege parkeringsplassar som krev avgift utan å betale avgift og utover tidsavgrensning

Kven kan søke om parkeringskort?

For å søke om parkeringskort for rørslehemma må du oppfylle følgjande krav:

  • ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å gå over lengre avstandar
  • dokumentere behov for å parkere ved bustad, arbeid, legebesøk og andre aktivitetar

Du kan søke om parkeringskort både om du køyrer sjølv, og om du er avhengig av å bli køyrd av andre. Parkeringsbeviset er personleg og følgjer deg, ikkje bilen. Du får eit kort med namnet ditt og eit bilete av deg på. 

 

Slik søker du om parkeringkort for rørslehemma 

Du søker ved å fylle ut og sende inn søknadsskjema. I tillegg må legen din fylle ut legeerklæring som du legg ved søknaden. Du kan stikke innom Servicetorget i Førde rådhus om du treng hjelp til å søke. 

Gå til søknadsskjema > (PDF, 45 kB)

 

Last ned legeerklæringsskjema > (PDF, 31 kB)

Søknad og legeerklæring sender du per post til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. 
 

Kor lang tid tek det?

Servicetorget behandlar sakene om parkeringskort raskt. Vanleg saksbehandlingstid er to veker. 

 

Klage

Om du får avslag på søknaden din om parkeringskort kan du klage på avgjerda. Informasjon om korleis du klagar vil stå i avslagsbrevet. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar