Kommunal utleigebustad

Du kan søkje om å leige kommunal bustad om du ikkje klarar å skaffe deg ein egna bustad sjølv eller med annan offentleg hjelp. 

 

Kommunal utleigebustad er bustad utan særskilt tilrettelegging. Dei er lokalisert både i burettslag, sameige eller som sjølvstendige einebustader/tomannsbustader.

Målgruppe 

Føremålet med kommunale bustader er å hjelpe vanskelegstilte med å kunne busette seg i eigen bustad. Aktuelle målgrupper kan vere: 

  • Menneske med funksjonsnedsetting
  • Flyktningar
  • Personar som vert skriven ut frå institusjon
  • Personar som kjem frå fengsel
     

Krav til søkjar

  • Du må vere over 18 år, og ha vore folkeregistrert i Førde i minimum to år (gjeld ikkje flyktningar).
  • Du må vere utan eigna bustad, og noverande bustad kan i liten grad tilpassast og tilretteleggast.
  • Du må vere utan inntekt og formue som gjer deg i stand til å skaffe deg bustad på eiga hand.
  • Det kan bli stilt krav om at du inngår avtale med Førde kommune om butrening.
     

Kva kostar det?

  • Husleige blir vedtatt av bystyre kvart år.
  • Kommunale leigetakarar kan søkje om bustønad som kan gje lågare buutgifter.
     

Korleis får eg denne tenesta?

  • Du må vere folkeregistrert i kommunen og sende ein skriftleg signert søknad.

Gå til søknadsskjema > (PDF, 107 kB)


Send søknad til:

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde

Ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller via chat om du treng hjelp med søknaden. 
 

Kva skjer vidare?

Tildelingseininga vil ta kontakt med deg slik at det kan bli gjort ei kartlegging saman med deg av dine behov for hjelp. 
 

Om du får innvilga søknaden:

  • Vert det inngått leigeavtale mellom deg og Førde kommune
  • Leigeavtalen er tidsbestemt 

 

Klage

Klagefrist er fire veker frå du mottek vedtaket. Klagen må innehalde grunngjeving for klagen og eventuelt nye opplysningar og dokumentasjon. Send klagen til:
 

Førde kommune
v/Tildelingseininga
Postboks 338
6802 Førde 

Publisert av Tildelingseininga. Sist endra 06.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Bustadrettleiar
Lover og forskrifter (2)
Nyttige lenker (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering