Følgjekort for funksjonshemma

Følgjekort - Klikk for stort bilete Har du behov for følgje eller assistanse for å gå på kultur- eller fritidsarrangement, kan du søke om følgjekort. 


Følgjekortet gir deg rett til å ha med ein assistent som slepp å betale for billetten sin. Du kan søke om følgjekort om du har ei funksjonshemming og er over åtte år. 
 

Kva får du?

Du får eit bevis som gir følgjepersonen (ledsageren) din gratis adgang til alle kulturinstitusjonar, arrangement og transportselskap som aksepterer ordninga. 

> Her er ei liste over dei som aksepterer ordninga med følgjekort i Førde kommune (PDF, 37 kB)

 

Følgjekortet er personleg, med bilete og underskrift. Det står på kortet kor lenge det er gyldig, vanlegvis tre år av gangen. 

 

Kva kostar det?

Det kostar ingenting å få følgjekort. På arrangement eller offentleg transport kjøper du billett til ordinær pris, men får ta med deg ein følgjeperson gratis der følgjekort vert akseptert. 

 

Søknadsfrist

Det er ingen søknadsfrist. Servicetorget i Førde kommune behandlar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Har du spørsmål om ordninga, kan du ringe Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller ta kontakt via chat/nettprat

 

Korleis søke om følgjekort?

Du fyller ut ein kort grunngjeven søknad om følgjekort og sender med passfoto. Du må oppgi nokre kontaktpersonar som vi kan innhente opplysningar frå. 

Gå til elektronisk søknadsskjema >

 

Gå til søknadsskjema (papir) >

 

Kva skjer vidare?

Servicetorget i Førde kommune behandlar søknaden, og vi prøver å gi deg eit svar innan 14 dagar. Vi tek kontakt med dei personane du har oppgitt i søknaden som kontaktpersonar. 

 

Klage

Får du ikkje tilbod om følgjekort, gir vi deg ei grunngjeving for det. I svaret får du også informasjon om korleis du kan klage og klagefrist. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Servicetorget er her for å hjelpe deg

Telefon : 57 72 20 00

Snarvegar