SLT-arbeid

SLT står for "Samordning av lokale rus- og kriminalitetsforebyggende tiltak". I Førde kommune er det ein person som er SLT-koordinator og skal samarbeide tett med politiet og andre instansar for å førebygge rus og kriminalitet blant barn og unge. Arbeidet går ut på å sikre at dei ressursane som allereie finst hos kommunen og Politiet blir meir samkøyrt og målretta.

Kontaktpersonar for SLT-arbeidet

 

Kva er SLT-modellen?

SLT-modellen skal samordne rus og kriminalitetsførebyggende tiltak for barn og unge. Målet er at barn og unge skal få rett hjelp til rett tid, av eit hjelpeapparat som samarbeider godt på tvers av etatar og faggrupper.
 

Det er mange, både enkeltpersonar og offentlege instansar som bidrar i dette arbeidet. Modellen skal sørge for å koordinere kunnskap og ressursar mellom politi og relevante kommunale einingar. Også næringsliv og frivillige organisasjoner høyrer med i dette nettverket.
 

Når sektorane har regelmessige møte for å utveksle kunnskap og erfaringar, og bli kjent med kvarandre sine arbeidsmåtar, blir det enklare å drive målretta førebygging. Når signal vert fanga opp, kan tiltak bli sett i verk tidlegare, meir presist – medan faren for dobbeltarbeid og overlapping vert redusert. 

 

Politirådet i Førde kommune

Politiråda er politiet og kommunane sitt formaliserte samarbeidsforum:

  • for det lokalkriminalitetsførebyggande arbeidet
  • for samordning av aktuelle beredskapsplanar
  • for arbeid med sikkerheit i samfunnet 

 

I Førde kommune består politirådet av ordførar, rådmann, kommunalsjefane, lensmann, politikontakt, ungdomsleiar og SLT-koordinator. 

 

Frå november 2018 vil kommunane Jølster, Naustdal og Gaular bli invitert med på politirådsmøta. Dette for å samordne arbeidet før kommunane blir samanslått til Sunnfjord kommune 1. januar 2020. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Lillian Vassbotten

Utviklingskoordinator for barn og unge innanfor helse
Telefon : 57 61 57 50
Mobil: 953 05 940

Snarvegar