Skulefritidsordning (SFO)

Vi har tilbod om skulefritidsordning (SFO) for born i 1. - 4. klasse og for born med funksjonshemmingar i 1. - 7. klasse. Dersom det ikkje er SFO på skulen til bornet ditt, kan du få tilbod på ein anna skule. SFO følgjer skuleåret.

Søknad om SFO-plass innan 1. april

Du søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april for nye søkjarar. Alle som søkjer får plass. Du treng ikkje logge deg på for å søkje første gongen.

 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller på chat/nettprat


Ha klart personnummer til både born og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. 

Søk SFO-plass >

 

I tillegg til den elektroniske søknaden må du fylle ut eit skjema der du skriv inn kva timar bornet skal vere på SFO. Skjema med detaljert timeplan finn du på skulen bornet ditt skal gå på. Send skjemaet til skulen. 
 

Du får svar elektronisk

Tilbodet om plass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som du brukte for å søkje om SFO-plass.
 

Opningstider på SFO

Opningstida er frå 07:15 til skulestart og frå skuleslutt til 16:15. Sunde skule har opningstid på SFO fram til 16:30. 

Husk at du må melde deg på særskilt dersom du ønskjer ferietilbodet. 

SFO har stengt 4 veker i juli. 
 

Dersom du skal endre eller seie opp plassen

Du må logge deg på nettsidene for å endre SFO-tilbodet eller seie opp plassen. Endring vil til dømes vere å gå frå A-tilbod til C-tilbod (sjå tabellen under).

Dersom bornet ditt skal ha same tilbodet, treng du berre fylle ut papirskjemaet til skulen som gjeld endring i timeplanen. 

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller skulen bornet ditt går på om du har spørsmål kring SFO-tilbodet.

SFO Betalingssatsar 2017
SFO
TilbodInnhaldPrisar
A-tilbod 1. og 2. klasseFør og etter skuletid + feriar i skuleåret2850
A-tilbod 3. og 4. klasseFør og etter skuletid + feriar i skuleåret2710
B-tilbod20-26 timar per veke2550
C-tilbod15-20 timar per veke2190
D-tilbod10-15 timar per veke1790
E-tilbod0-10 timar per veke1290
SommartilbodTilbod 4 veker3410
Sommartilbod Ei heil veke1090
Kjøp av enkeltdagar275
GebyrGebyr for å hente for seint - per gong100
Det er ingen søskenrabatt på SFO

 

Klage 

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 18.10.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Helge Sæterdal
Kommunalsjef
Teneste (1)
Søknadsskjema (1)
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering