Ferie- og fridagar i skule og barnehage

Skuleruta 2017–2018

Ferie- og fridagar 2017 - 2018 Felles framlegg for Sogn og Fjordane datert 25. august 2016.
Skuleruta 2017 - 2018
Første skuledag Måndag 21. august
Haustferie 9. - 13. oktober (veke 41)
Siste skuledag før jul Torsdag 21. desember
Første skuledag etter jul Onsdag 3. januar
Vinterferie 19. - 23. februar (veke 8)
Siste skuledag før påske Fredag 23. mars
Første skuledag etter påske Tysdag 3. april
Elevfrie dagar i mai 11. og 18. mai
Siste skuledag Fredag 22. juni

Planleggingsdagar i barnehagane 2017–2018

  • Fredag 18. august 2017
  • Måndag 9. oktober 2017
  • Tysdag 10. oktober 2017
  • Fredag 26. januar 2018
  • Fredag 11. mai 2018


Skuleruta 2018–2019

Ferie- og fridagar 2018 - 2019 Felles framlegg for Sogn og Fjordane datert 1. juni 2017. Vi tek atterhald om at det kan kome små endringar i Førde kommune.
Skuleruta 2018 - 2019
Første skuledag Måndag 20. august
Haustferie Måndag 8. til fredag 12. oktober (veke 41)
Siste skuledag før jul Fredag 21. desember
Første skuledag etter jul Torsdag 3. januar
Vinterferie Måndag 18. februar til fredag 22. februar (veke 8)
Elevfri dag i april Fredag 5. april
Siste skuledag før påske Fredag 12. april
Første skuledag etter påske Tysdag 23. april
Elevfri dag i mai Fredag 31. mai
Siste skuledag Fredag 21. juni

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Foreldre eller føresette kan søkje om at barna deira får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil 2 veker (10 skuledagar). Fritaket må vere fagleg forsvarleg. Dersom foreldra eller dei førsette søkjer om fri utover 2 veker, gjeld reglane om utmelding av skulen. 
 

Reglar for skulefri inntil 2 veker

Når det er fagleg forsvarleg, kan foreldra eller dei føresette søkje om at barnet får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil 2 veker (10 skuledagar). Vilkåret er at foreldra eller dei føresette syter for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake. Det følgjer av opplæringslova § 2.11. Det er rektor som gjer vedtak i desse sakene. 

Kva skal søknaden innehalde?

Nokre av skulane har eigne søknadsskjema. Foreldra eller dei føresette søkjer skulen direkte. Søknadsfristen er normalt 6 veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Søknaden skal minimum innehalde desse opplysningane:

  • namn, fødselsdato og klasse/gruppe for eleven
  • namn, adresse og telefonnummer på søkjar/føresett
  • fritaksperiode -  dato frå og med og til og med
  • kort grunngjeving av fritaket / behovet for fritak

 

Reglar for skulefri utover 2 veker

Dersom foreldra eller dei føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn 2 veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det foreldra eller dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. 

Kva skal søknaden innehalde?

Foreldra eller dei føresette søkjer skulen direkte. Søknadsfristen er normalt 8 veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Søknaden skal minimum innehalde desse opplysningane:

  • namn, fødselsdato og klasse/gruppe for eleven
  • namn, adresse og telefonnummer på søkjar/føresett
  • fritaksperiode -  dato frå og med og til og med
  • kort grunngjeving av fritaket / behovet for fritak

Skulen sender deretter søknaden med eventuell uttale eller tilråding over til rådmannen, som gjer vedtak i saka. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Atle Holsen

Førstekonsulent
Telefon : 57 61 26 52

Snarvegar