Skulefritidsordning (SFO)

Vi har tilbod om skulefritidsordning (SFO) for born i 1. - 4. klasse og for born med funksjonshemmingar i 1. - 7. klasse. Dersom det ikkje er SFO på skulen til bornet ditt, kan du få tilbod på ein anna skule. SFO følgjer skuleåret. Alle som søkjer får plass. 

Slik søkjer du

Du søkjer elektronisk om SFO-plass. Søknadsfrist er 1. april for nye søkjarar. 
 

I tillegg til den elektroniske søknaden må du fylle ut eit papirskjema der du skriv kva timar bornet ditt skal vere på SFO. Skjema med detaljert timeplan for kvar klasse finn du på nettsida til den enkelte skule.  

 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på telefon 57 72 20 00 eller på chat/nettprat


Ha klart personnummer til både born og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. Du treng ikkje å logge deg inn for å søkje første gongen. 

Søk elektronisk om SFO-plass >

 

Du får svar elektronisk

Alle som søkjer får plass. Tilbodet om plass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg inn på den same sida som du brukte for å søkje om SFO-plass. Ha klart BankID, MinID eller anna pålogging. 
 

Opningstider på SFO

Opningstida er frå kl. 07:15 til skulestart og frå skuleslutt til kl. 16:15. Sunde skule har opningstid på SFO fram til kl. 16:30. 

 

Hugs at du må melde deg på særskilt om du ønskjer ferietilbodet. SFO har stengt 4 veker i juli. 

 

Dersom du skal endre eller seie opp plassen

Du må logge deg inn via SFO-portalen for å endre frå til dømes A-tilbod til C-tilbod.



Dersom bornet ditt skal ha same tilbodet neste skuleår, treng du berre fylle ut papirskjemaet til skulen som gjeld endring i timeplanen. 

 

Oppseiingsfristen er ein månad. Du kan enten sende ei skriftleg melding til skulen eller logge deg inn via SFO-portalen for å seie opp plassen din. Seier du opp før den 1. eller 15. i månaden, vil oppseiinga gjelde frå den 1. eller 15. i påfølgjande månad.

 

Ved byte til eit mindre tilbod gjeld òg oppseiingsfristen på ein månad. Ved byte til større tilbod kan endring gjelde straks dersom det er plass. Det er ikkje høve til å seie opp eller redusere tilbodet for bornet etter 1. april. 

 

Har du spørsmål?

Ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller skulen bornet ditt går på om du har spørsmål kring SFO-tilbodet.  Har du spørsmål om faktura kan du ta kontakt med Servicetorget.  

 

SFO Betalingssatsar 2017
SFO
TilbodInnhaldPrisar
A-tilbod 1. og 2. klasseFør og etter skuletid + feriar i skuleåret2850
A-tilbod 3. og 4. klasseFør og etter skuletid + feriar i skuleåret2710
B-tilbod20-26 timar per veke2550
C-tilbod15-20 timar per veke2190
D-tilbod10-15 timar per veke1790
E-tilbod0-10 timar per veke1290
SommartilbodTilbod 4 veker3410
Sommartilbod Ei heil veke1090
Kjøp av enkeltdagar275
GebyrGebyr for å hente for seint - per gong100
Det er ingen søskenrabatt på SFO

 

Klage 

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 01.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Helge Sæterdal
Kommunalsjef
Teneste (1)
Søknadsskjema (1)
Lover og forskrifter (1)

Snarvegar

 
 
Login for redigering