PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) er ei teneste for born og unge som har særlege opplæringsbehov.
PPT utgreier enkeltborn sine behov og gir råd og rettleiing til foreldre, barnehage, skule og andre samarbeidspartnarar. PPT bidreg med kompetanseheving i barnehage og skule gjennom kurs, nettverk og konsultasjoner til dei tilsette.
Kva gjer PPT?
- pedagogisk og psykologisk utgreiing
- individuell oppfølgjing av born og unge
- rådgjeving til foreldre/føresette
- samarbeid med barnehagar og skular
- rettleiing til tilsette i barnehage og skule
- hjelp til overgangar i opplæringsløpet
- hjelp til lærlingar/lærekandidatar i bedrift
> Les meir på nettsidene til Utdanningsdirektoratet om kva PPT gjer
Informasjon til føresette
Vil du ha ein rask innføring i kva spesialpedagogisk hjelp/spesialundervisning er, kva ord og uttrykk betyr og kva du kan forvente av hjelp?
Korleis får vi hjelp av PPT?
For dei som går i barnehage eller skule ønskjer vi å bli kontakta gjennom barnehagen eller skulen. Ta direkte kontakt for born som ikkje går i barnehage.
Kontaktinformasjon PPT
- besøksadresse: Hafstadvegen 42, 3. etasje i Førde rådhus
- telefon: 57 82 93 00, kvardagar kl. 08.00–15.30
- postadresse: Førde kommune v/PPT, Postboks 338, 6802 Førde
- e-post: postmottak.ppt@forde.kommune.no
Interkommunal teneste i Førde
PPT yter òg tenester til fylkeskommunen, Jølster, Gaular og Naustdal kommune.
Publisert06.06.2018 14.24