Kulturskulen

Kulturskulen held til i Gamlebanken, adresse Kyrkjevegen 9 i Førde sentrum mellom Coop Mega og Førde kyrkje. Kulturskulen i Førde har vertskapssamarbeid om kulturskule med Naustdal og Gaular. 

 

Vi har eit breitt spekter av undervisningstilbod. Born og unge er prioritert, men vaksne kan òg søkje. Etterspørsel avgjer om undervisning skjer i Førde, Naustdal eller Gaular. Sjå nettsida til kulturskulen for å finne meir informasjon om tilboda. 

Søk om  plass på kulturskulen

Søknadsfrist er 15. mai, men det er mogleg å søkje gjennom heile året. 

Søk elektronisk via kulturskulen

Søkjarar som ikkje får plass ved hovudopptaket, vert sett på venteliste og får tilbod om plass straks vi har ledige plassar. 

 

Kontaktinformasjon kulturskulen

  • Rektor Trude Skarvatun, tlf. 57 61 28 10/415 05 970
  • e-post: tsk@forde.kommune.no
  • Postadresse: Førde kommune, kulturskulen, pb. 338, 6802 Førde

 

Undervisningstilbod 

Kulturskulen tilbyr inntil 38 undervisningsveker per år og har eit mangfaldig undervisningstilbod.

Sjå detaljert undervisningstilbod

 

Skulepengar per halvår

  • Instrumentalundervisning/song/visuelle kunstfag/teater: kr 1700
  • Barnegrupper/kor: kr 1400
  • Orkester/band: kr 700 (for elevar med instrumenttilbod i kulturskulen), kr 1150 (for elevar utan instrumenttilbod i kulturskulen)
  • Instrumentleige (ingen moderasjon): kr 500
  • Forbruksmateriell for visuelle kunstfag/teater: kr 300
  • Musikkbinge Førde leige: kr 575

Søskenmoderasjon 25 % frå og med born nr 2. 

 

Oppseiing av plass

Oppseiing av plass må skje skriftleg, frist 15. november for vårsemesteret og 15. mai for haustsemesteret. 

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Trude  Skarvatun

Trude Skarvatun

Rektor Førde kulturskule
Telefon : 57 61 28 10
Mobil: 415 05 970

Snarvegar