Introduksjonsprogram for flyktningar

Klikk for stort bilete

Introduksjonsprogram for flyktningar 

Introduksjonsprogrammet vil gi deg som er flyktning ein muligheit til å lære deg norsk, få arbeidserfaring, og lære om det norske samfunnet.

> Sjå IMDI si teikning og forklaring på korleis busetting i Norge foregår


Introduksjonsprogrammet kan vare i inntil 2 år. Deltakarane i introduksjonsprogrammet får introduksjonsstønad. Stønaden utgjer to gonger folketrygda sitt grunnbeløp. Dei som er under 25 år får 2/3 stønad. 

 

Kven har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet?

Det er tre grupper som har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet:

  • Nye flyktningar som kjem til Norge mellom 18 og 55 år
  • Personar som er busette etter avtale med Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDI)
  • Familegjenforeinte innvandrarar som ikkje har vore busette i Norge meir enn 5 år

Innvandrarar mellom 55 og 67 har rett til å delta i introduksjonsprogrammet, men har ikkje plikt til å delta. 

 

Du må delta i introduksjonsprogrammet for å få opphalds- og arbeidsløyve

Du må ha minst 600 timar med norskopplæring for å få opphalds- og arbeidsløyve i Norge. Opplæringa inneheld 550 timar norskundervisning og 50 timar opplæring om det norske samfunnet. 
 

Førde norsksenter har tilbod om norskopplæring for kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular. 

 

Kostar det noko å delta i introduksjonsprogrammet?

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring. Etter søknad kan det gjevast inntil 2400 timar norskopplæring ut over dei obligatoriske 600 timane.

Snarvegar