Grunnskule for vaksne

 Informasjon om grunnskuleopplæring, Førde norsksenter

Eksamensretta grunnskuleopplæring for vaksne

Du som er over skulepliktig alder og som treng grunnskuleopplæring, har rett til slik opplæring og kan søkje om dette. Opplæringa gjeld vanlegvis dei faga du treng for å få vitnemål for fullført grunnskule for vaksne. Opplæringa skal tilpassast ditt behov. Det gjeld både omfang og lengde for undervisninga. Vaksne skal ikkje plasserast i ordinære klassar saman med barn og unge.

 

Som elev i grunnskulegruppa ved Førde norsksenter, kan du få undervisning i faga:

  • norsk
  • matematikk
  • engelsk
  • samfunnsfag
  • naturfag

 

Du kan sjølv bestemme kor mange fag du vil ta, og kunnskapane og ferdigheitene dine i faga bestemmer kor lang opplæringstid du treng. Som elev får du terminkarakter i faga, og du kan ta eksamen etter eitt, to eller tre år.

 

Fleirspråklege søkjarar må ha gyldig opphaldsløyve og ha gjennomført den første norskopplærigna for å få plass.

 

Undervisninga i grunnskulegruppa er på dagtid (09:00 - 14:30), måndag til fredag.
 

Sjå også

Publisert av Ingeborg Flatland. Sist endra 29.06.2016 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
bilde av personen: Aud Sletteland Soleim
Leiar, Førde norsksenter

Snarvegar

 
 
Login for redigering