Busetting av flyktningar

Det er Førde norsksenter som har ansvaret for å finne bustad til alle flyktningar som blir busett. 

 

Hjelp til å finne bustad

Det er få kommunale bustadar tilgjengeleg til ei kvar tid, så dei fleste blir busett i privateigde bustadar. Her blir det skrive ei kontrakt mellom Førde kommune og huseigar, og så framleiger kommunen bustaden til flyktningane. 
 
 
Det er for tida eit hardt press på utleigemarknaden i Førde, noko som betyr at det er utfordrande å få tak i bustadar, samt høge prisar. Dette betyr at mange må bu lenge på asylmottak før dei blir busett.
 
 
Dersom du som flyktning har moglegheit til å finne leilegheit sjølv, står du fritt til å gjere det. Det er viktig at norsksenteret får sjå både leilegheita og kontrakt før du skriv under. Grunnen til dette er at dersom kommunen ikkje godkjenner bustaden din, kan du miste retten til introduksjonsprogrammet.
 
 
Dei fleste som blir busette i private eller kommunale leilegheiter, får ei kontrakt som gjeld i to år. Det vil som regel vere ei gjensidig oppseiingstid på tre månadar.  Dersom du bur i ei privatleigd leilegheit, og huseigaren ynskjer det, kan du skrive kontrakt direkte med han etter at kontraktstida med kommunen går ut. Om ikkje, må du etter to år finne deg ein ny plass å bu sjølv.
 
 
Du står òg fritt til å finne deg ein eigen bustad medan du er under kontrakt med kommunen, men det er viktig at du opplyser kontaktperson om dette tidlig, og seier opp avtalen med kommunen. Dette er for at du skal sleppe å betale husleige for to bustadar samtidig.


 

Korleis finne leilegheit på privatmarknaden?

På Førde norsksenter kan du lese Firda kvar dag. Omtrent midt i avisa vil du finne bustadannonser, med telefonnummer du kan ringe på.
 

På facebook er det mange som legg ut annonser for bustadar på Kjøpe-Selge-Leie-Bytte – Gis bort i Førde og omegn. Her kan du sende privatmelding til annonsøren, for å vise di interesse.
 

På internett er det bustadannonser på Finn.no eller Hybel.no. Her kan du som regel både sende e-post eller ringe til annonsøren for å avtale visning.
 

 

Har du bustad å leige ut?

Dersom du har spørsmål om hus eller ein bustad du vil leige ut, kan du ta kontakt med programrådgjevar Christoffer Stølen.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 12.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering