Ferie- og fridagar i skule og barnehage

Første skuledag er måndag 21. august 2017.

 

God sommar!

Skuleruta 2017–2018

Ferie- og fridagar 2017 - 2018 Felles framlegg for Sogn og Fjordane datert 25. august 2016.
Ferie- og fridagar 2017 - 2018
Skuleruta 2017 - 2018 
Første skuledagMåndag 21. august
Haustferie9. - 13. oktober (veke 41)
Siste skuledag før julTorsdag 21. desember
Første skuledag etter julOnsdag 3. januar
Vinterferie19. - 23. februar (veke 8)
Siste skuledag før påskeFredag 23. mars
Første skuledag etter påskeTysdag 3. april
Elevfrie dagar i mai11. og 18. mai
Siste skuledagFredag 22. juni

Planleggingsdagar i barnehagane 2017–2018

  • Fredag 18. august 2017
  • Måndag 9. oktober 2017
  • Tysdag 10. oktober 2017
  • Fredag 26. januar 2018
  • Fredag 11. mai 2018


Skuleruta 2018–2019

Ferie- og fridagar 2018 - 2019 Felles framlegg for Sogn og Fjordane datert 1. juni 2017. Vi tek atterhald om at det kan kome små endringar i Førde kommune.
Ferie- og fridagar 2018 - 2019
Skuleruta 2018 - 2019 
Første skuledagMåndag 20. august
HaustferieMåndag 8. til fredag 12. oktober (veke 41)
Siste skuledag før julFredag 21. desember
Første skuledag etter julTorsdag 3. januar
VinterferieMåndag 18. februar til fredag 22. februar (veke 8)
Elevfri dag i aprilFredag 5. april
Siste skuledag før påskeFredag 12. april
Første skuledag etter påskeTysdag 23. april
Elevfri dag i maiFredag 31. mai
Siste skuledagFredag 21. juni

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Foreldre eller føresette kan søkje om at barna deira får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil 2 veker (10 skuledagar). Fritaket må vere fagleg forsvarleg. Dersom foreldra eller dei førsette søkjer om fri utover 2 veker, gjeld reglane om utmelding av skulen. 
 

Reglar for skulefri inntil 2 veker

Når det er fagleg forsvarleg, kan foreldra eller dei føresette søkje om at barnet får permisjon frå den pliktige undervisninga i inntil 2 veker (10 skuledagar). Vilkåret er at foreldra eller dei føresette syter for at barna får nødvendig undervisning i permisjonstida. Barna skal altså kunne følgje med i undervisninga på vanleg måte når dei kjem tilbake. Det følgjer av opplæringslova § 2.11. Det er rektor som gjer vedtak i desse sakene. 

Kva skal søknaden innehalde?

Nokre av skulane har eigne søknadsskjema. Foreldra eller dei føresette søkjer skulen direkte. Søknadsfristen er normalt 6 veker før fritaket startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Søknaden skal minimum innehalde desse opplysningane:

  • namn, fødselsdato og klasse/gruppe for eleven
  • namn, adresse og telefonnummer på søkjar/føresett
  • fritaksperiode -  dato frå og med og til og med
  • kort grunngjeving av fritaket / behovet for fritak

 

Reglar for skulefri utover 2 veker

Dersom foreldra eller dei føresette vil ta eit barn ut av skulen i meir enn 2 veker, skal dei melde eleven ut av grunnskulen i det aktuelle tidsrommet. Eleven mistar retten til opplæring i utmeldingsperioden, og kommunen har ikkje lenger noko ansvar for opplæringa. No er det foreldra eller dei føresette som er ansvarlege for undervisninga etter lov og forskrift. 

Kva skal søknaden innehalde?

Foreldra eller dei føresette søkjer skulen direkte. Søknadsfristen er normalt 8 veker før utmeldinga startar, om ikkje anna er avtalt med skulen. Søknaden skal minimum innehalde desse opplysningane:

  • namn, fødselsdato og klasse/gruppe for eleven
  • namn, adresse og telefonnummer på søkjar/føresett
  • fritaksperiode -  dato frå og med og til og med
  • kort grunngjeving av fritaket / behovet for fritak

Skulen sender deretter søknaden med eventuell uttale eller tilråding over til rådmannen, som gjer vedtak i saka. 

 

 

Publisert av Atle Holsen. Sist endra 14.07.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Teneste (1)
Artikkel (1)
Lover og forskrifter (1)

Kontakt

Førstekonsulent
 
 
Login for redigering