Barnehagane i Førde

Har du barn og treng barnehageplass? I Førde kommune har vi til saman 16 barnehagar. Fristen for å søkje om barnehageplass er 1. mars kvart år. 
 

Alle barn som fyller eitt år seinast 30. november 2017 og som har søkt innan fristen har rett til barnehageplass.

Søk om barnehageplass innan 1. mars

Førde kommune har eitt felles opptak for alle barnehagane, både kommunale og private. Søknadsfristen er 1. mars, og du søkjer elektronisk via nettsidene til kommunen. 

 

Hovudopptaket gjeld ledige plassar frå august. 
 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. nr. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat
 

Ha klart personnummer til både barn og føresette før du byrjar å leggje inn søknad. 
 

Søk barnehageplass >

 

Finn barnehagene i kartet om du vil sjå kor dei er i Førde kommune. 

 

Kven har rett på barnehageplass?

  • Barnet må vere fylt eitt år innan utgangen av november 2017
  • Det må vere søkt om barnehageplass innan 1. mars 2017

Dersom barnet ditt får plass, må de vere busette i kommunen når barnet byrjar i barnehagen. 

 

Du får svar elektronisk

Tilbodet om barnehageplass får du via e-post. For å svare på tilbodet må du logge deg på den same sida som for søknaden om barnehageplass. 

 

Om du ikkje har e-post, vil tilbodet bli sendt per post. Vi rår deg til å opprette ei e-postadresse i og med at all kommunikasjon framover vil skje elektronisk.

 

Tildeling av plassar ved hovudopptaket skjer i mars/april. Avslag på plassar blir sende ut innan 1. mai. 
 

Vedlegg til søknad om barnehageplass

Dersom du har vedlegg frå lege, helsestasjon, barnevern, PPT eller andre institusjonar, må du innan 1. mars sende vedlegga per post til
Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde

Merk konvolutten "vedlegg til barnehagesøknad".

 

Prisar

Barnehage Betalingssatsar 2017
Barnehage
TilbodPer månadMatpengar
100 % plass2730300
80 % plass2454240
60 % plass1914180
50 % plass1640150
40 % plass1364120
Søskenmoderasjon 30 % for eitt søsken, 50 % for søsken nr. 2 og oppover

 

Redusert foreldrebetaling og gratis kjernetid

Det er to moderasjonsordningar for familiar eller hushaldningar med låg inntekt. Ordningane gjeld både kommunale og private barnehagar. 

 

1. Gratis kjernetid

Frå 1. august 2016 har alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i hushaldningar med låg inntekt rett til å få 20 timar gratis opphaldstid i barnehage per veke. Frå 1. august 2016 er denne inntektsgrensa sett til 417 000 kroner. 

Ordninga med gratis kjernetid gjeld uavhengig om du har deltids- eller heiltidsplass. Det betyr at eit barn med deltidsplass med rett på fritak, har krav på fritak på 20 timar uavhengig av storleiken på plassen. Om nokon veljer kun å bruke dei 20 timane, er tilbodet gratis. 

 

2. Redusert foreldrebetaling

Ordninga med redusert foreldrebetaling går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen. I 2016 gjeld denne ordninga for hushaldningar med ei samla inntekt som er lågare enn 486 750 kroner per år.

  

Korleis får eg gratis kjernetid eller redusert foreldrebetaling?

For å få redusert pris på grunn av låg inntekt eller gratis kjernetid må du sende søknad til kommunen. Vi tek imot søknader for alle barnehagane i Førde, uavhengig om den er kommunal eller privat.

Du må legge ved kopi av siste sjølvmelding, eller annan dokumentasjon av inntekt. All inntekt må dokumenterast. Søknader med manglande dokumentasjon vert returnert. 


Har du fått innvilga søknad for barnehageåret 2016/17, må du søke på nytt for neste barnehageår 2017/18.
 

  • Søknadsfrist: 1. oktober 
     

Søk om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid> (PDF, 323 kB)

 

Send søknad til
Førde kommune
Postboks 338
6802 Førde
 

> Les meir om moderasjonsordningane på Utdanningsdirektoratet sine nettsider

 

Barnehageplass for deg som er student i Førde

Viebøen barnehage SA har 8 barnehageplassar for barn i alderen 0 - 6 år som er øyremerkte studentar ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

 

Får du ein slik barnehageplass, er vilkåra litt annleis enn for dei andre barnehagane i Førde, mellom anna når det gjeld foreldrebetaling. Les meir på nettsidene til Studentsamskipnaden. 

 

Er du student og ønskjer plass for barnet ditt i studentbarnehagen, skal du søkje på vanleg måte om barnehageplass i Førde kommune. I tillegg må du, med kopi av studentavgift eller stadfesting frå skulen, dokumentere at du er student ved Høgskulen i Sogn og Fjordane. 

 

Send dokumentasjon til
Viebøen barnehage
Gardsstølsvegen 29
6812 Førde

 

Kva for kriteria/vilkår vert barnehageplass tildelt etter?

Dei fleste barn vert prioritert etter alder, og barnehagane prioriterer barn som har søsken i same barnehage. Nokre grupper har prioritet ved opptak i alle barnehagane:

  • Barn som har nedsett funksjonsevne
  • Barn som er omfatta av § 4-4 andre og fjerde ledd og § 4-12 i barnevernlova 

I dei kommunale barnehagane gjeld òg desse kriteria:

  • Barn som har særlege behov for barnehageplass på grunn av sosiale, helsemessige, eller andre spesielle forhold i heimen
  • Adoptivbarn frå utlandet, barn frå familiar der begge foreldra er tospråklege eller framandspråklege

Dei kommunale barnehagane har eigne vedtekter om opptakskriteria (PDF, 238 kB).
 

Ved søknad om opptak etter prioritert kriterium skal det leggast ved dokumentasjon av nyare dato frå sakkunnig instans som til dømes barnevern, helsestasjon, lege eller PPT. I dokumentasjonen skal det gå klart fram kvifor barnet har særleg trong for barnehageplass. 
 

Dei private barnehagane har eigne opptakskriteria:

 

Klage

Ved hovudopptak kan du klage over avslag på søknad om barnehageplass. Du kan òg klage dersom du ikkje får oppfylt verken det første eller andre ønsket ditt. Ved supplerande opptak kan berre søkjarar til barnehagen som har rett til prioritet, klage. Klagefristen er normalt tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde.
 

Dersom kommunen finn at barnet ditt skulle ha fått tilbod om den ønska plassen, skal det få tilbod om første ledige plassen etter at barn med lovfesta rett til prioritet har fått tilbod om plass. Dersom du ikkje får medhald, går saka vidare til klageutvalet i kommunen, som er klageinstans.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 10.02.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering