Tilkopling til offentleg vatn- og avløpsnett

Tilkopling av eigedommen til offentleg vatn og avløp må vere godkjent av kommunen på førehand. 
 

Du må søkje både ved første gongs tilkopling, og ved seinare endringar og utvidingar av eksisterande tilkopling.

 

Skal du søkje om utsleppsløyve, sjå informasjon om mindre avløpsanlegg

Prisar for tilkopling til vatn og avløp

Tilkoplingsgebyr er eit eingongsgebyr i samband med at du koplar eigedommen din til det kommunale vatn- og kloakknettet, eller at du får pålegg om slik tilkopling. 

Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Tilkoplingsgebyr for vatn og kloakk
TilkoplingsgebyrVatn Kloakk
Arealklasse 1 (0-90 m2)kr 2000kr 2000
Arealklasse 2 A (91-200 m2)kr 4000kr 4000
Arealklasse 2 B (201-350 m2)kr 6000kr 6000
Arealklasse 3 (351 m2 -450 m2)kr 8000kr 8000
Deretter per 100 m2kr 1000kr 1000
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %

Søknad om tilkopling

For å kunne kople deg til det offentlege vatn- og avløpsnettet (VA-nett) må du søkje kommunen om tilkopling. Det kan gjelde for nye byggjetiltak eller dersom du får pålegg om tilkopling etter reglane i plan- og bygningslova. 

 

Søknad om tilkopling til offentleg VA-nett skal underteiknast av abonnent/utbyggar og ansvarleg føretak som skal utføre arbeidet. 


Søknaden skal innehalde målsett situasjonsplan som viser bygningar, installasjonar og leidningar. I tillegg må nødvendig teknisk dokumentasjon, og eventuelle avtalar og tinglyste rettar leggast ved. 

 

Skjema som gjeld tilkopling til vatn og avløp

 

Saksgang

Før tilkopling kan utførast, skal søknaden vere godkjend, og tilkoplingspunkt påvisast av kommunen. Når tilkoplinga er utført, skal ansvarleg føretak sende melding til kommunen, med dokumentasjon av utført arbeid.

 

Vassmålar 

Alle bygningar og deler av bygningar som ikkje skal nyttast til bustad, skal ha innstallert vassmålar for registrering av vassforbruk. 

Bustadabonnentar kan også installere vassmålar for registrering av forbruk. 

Dimensjon og type vassmålar, med nødvendig dokumentasjon av forventa forbruk, skal dokumenterast og godkjennast før montering. 

 

Skjema som gjeld vassmålar

Årsgebyr for vatn og kloakk

Årsgebyr for vatn og kloakk er eit årleg gebyr som du må betale til Førde kommune når eigedommen din er tilkopla det kommunale vass- og kloakknettet.

Kommunen reknar årsgebyr for vatn og kloakk frå den dato du har fått ferdigattest/bruksløyve på bygget. Har du spørsmål kring fakturering ta kontakt med Servicetorget på tlefon 57 72 20 00. 

Årsgebyr for vatn og kloakk Gebyr 2017
Årsgebyr for vatn og kloakk
ArealklasseVatnKloakkSamla
Arealklasse 1 (0 - 90 m2)kr 1339kr 2270kr 3609
Arealklasse 2 A (91 - 200 m2)kr 2047kr 3478kr 5525
Arealklasse 2 B (201 -350 m2)kr 2473kr 4202kr 6675
Arealklasse 3 (351 - 450 m2)kr 2827kr 4806kr 7633
Deretter pr.100 m2kr 1418kr 2415kr 3833
Pris målt forbruk pr m3kr 14,18kr 24,15
Alle prisar er oppgitt utan mva som kjem i tillegg med 25 %
Forfall på faktura er 15. februar, 15. mai, 15. august og 15. november

Grunnlaget for utrekning og innkreving av desse avgiftene, ligg i lokale forskrifter og gebyrregulativ:

 

Fråkopling av vatn og avløp

Fråkopling av eksisterande stikkleidningar skal utførast av fagkunnig føretak, og meldast til kommunen før fråkopling skjer.

 

Skjema som gjeld fråkopling

Publisert av Arve Hornnes. Sist endra 09.08.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Kontakt

bilde av personen: Arve Hornnes
Ingeniør
bilde av personen: Magne Reidar  Førde
Ingeniør

Snarvegar

 
 
Login for redigering