Slamtømming

Det er Miljøservice AS i Stryn som utfører tømming av septiktankar i Førde kommune. Dersom du treng ekstratømming utanom oppsett tidsplan kan du ta direkte kontakt med:

Miljøservice AS

Sjekk kor tid tanken skal tømmast 

Dersom du har ein septiktank (slamavskiljar) kan du sjølv sjekke kor tid den skal tømmast, eller kor tid den vart tømt sist. 

Pris og betaling

Slamtømmegebyr 2017
Slamtømmegebyr
AvgiftstypePris per2017
Slamtømming 0-4,5 m3stkkr 708
Slamtømming 0-4,5 m3 hyttestkkr 389
Slamtømming 4,6-10 m3m3kr 249
Slamtømming > 10 m3m3kr 489
Tette oppsamlingstankarstkkr 1347

Det faste gebyret for slamtømming kjem på fakturaen for kommunale avgifter. Dersom du bestiller ekstratømming får du ekstra faktura på den.

 

Forureining

Eigaren av septiktanken med reinseanlegg (spreiegrøft, dome eller tilsvarande) er ansvarleg for at anlegget fungerer som tenkt og at det ikkje fører til forureining. Eigaren må føre kontroll med anlegget og reparere det om det blir oppdaga feil og manglar.

Publisert av Marit Solheim. Sist endra 03.01.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?

Snarvegar

 
 
Login for redigering