Drikkevatn og vassverk

Drikkevatnet i Førde har høg kvalitet og er trygt å drikke, med mindre vi melder om noko anna. Vatnet tilfredsstillar dei strenge krava i Drikkevassforskrifta

Akutt problem med vassforsyning

Ta kontakt med teknisk vakttelefon om du opplever akutt problem med vassforsyninga.

  • Teknisk vakttelefon: 959 89 613

 

Mjukt eller hardt vatn?

I Førde har vi "mjukt" vatn med pH mellom 7,8 og 8,3. Det betyr at du ikkje treng å tilsette salt i oppvaskmaskiner. 

Temperatur og fargetal varierer noko med årstidene. Vatnet avset ikkje kalkavleiring i rør eller andre installasjonar.

 

Varsling om endring i vassforsyninga

Vi informerar via internett og media, og varslar på telefon til dei som vert direkte berørt ved følgjande hendingar:

  • når vi stenger vatnet grunna vedlikehald og lekkasjar
  • om vasstrykket vert endra
  • ved koketilråding av drikkevatnet

 

Tilkopling til det kommunale leidningsnettet

Kommunen leverer vatn gjennom det kommunale leidningsnettet til dei bustadane og bygga som er knytt til nettet.

 

I område utan kommunal vassforsyning må det bli etablert ei eiga ordning for vassforsyning. Kommunen kan ikkje gje byggjeløyve utan at vass- og avløpsløysinga er tilfredsstillande. 

 

> Les meir om tilkopling til offentleg vass- og avløpsnett

 

Informasjon om Førde Vassverk

Førde Vassverk følger prøveplanar i samsvar med Drikkevassforskrifta. Prøvene vert analyserte av SunnLab AS

 

Drikkevatnet frå Førde vassverk kjem frå Gravvatnet som ligg ca 600 moh, på grensa mellom Førde og Gaular. Vatnet renn i tunnel og røyr fram til vassverket i Refsdalen. Der vert det filtrert gjennom 4 basseng med marmorsand, og deretter desinfisert med klor og ultrafiolett (UV) lys, før det blir sendt ut til forbrukarane.

 

Vassverket produserer klor frå vanleg koksalt i eige anlegg .

Forsyningsnettet i Førde - Klikk for stort bilete
Publisert av Magne Reidar Førde. Sist endra 21.06.2017 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
 
 
Login for redigering