Brannsikring ved overnatting og spesielle arrangement

Skal du ha overnatting eller arrangement i bygg eller på område som ikkje blir nytta til dette til vanleg, skal du melde frå om arrangementet til brannvesenet i god tid. Dette kan til dømes vere overnatting på skular under store arrangement. 

Brannvesenet må ha melding for å vurdere brannfaren

Brannvesenet  vurderer brannfaren, fastset nødvendige brannsikringstiltak og avgrensingar. I tillegg seier vi noko om eventuelle krav til ansvarleg arrangør.
 

Meld frå om overnatting på skular eller barnehagar 

Lever melding til brannvesenet minst ei veke før det skal vere eit arrangement med overnatting på skular, barnehagar eller andre bygg som ikkje blir nytta til dette til vanleg. 

Meldinga må opplyse om

  • kven som er ansvarleg for arrangementet 
  • kva type arrangement det er
  • kor det skal vere
  • tidsrom
  • persontal  
  • kven som er kontaktperson under arrangementet dersom ein brann skulle oppstå
     

Større arrangement

For store arrangementer bør "Veileder for sikkerhet ved store arrangementer" følgjast. Kontakt brannførebyggande personell så tidleg at eventuelle justeringar kan bli gjort i planleggingsprosessen. Store arrangement kan vere både utandørs og innandørs tilstelling som konsertar, folkemøte, LAN, festivalar og liknande.

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

bilde av personen: Torill Anita Segtnan

Torill Anita Segtnan

Ingeniør
Telefon : 57 61 28 24
Mobil: 476 72 972

Snarvegar