Bålbrenning

Dersom du skal tenne opp eld utandørs, t.d. jonsokbål eller bråtebrenning skal det innhentast løyve. Du må også ha løyve ved oppsetting av asfaltgryter, koksgryter, og liknande.

Forbod mot bråtebrenning i Førde kommune

I Førde kommune er det i følgje lokal forskrift om open brenning (PDF, 80 kB) forbod mot bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall i tettbygd strøk.

 

Hageavfall leverer du gratis på avfallsplassen til Sunnfjord Miljøverk. 

 

Bålbrenning på tur

Du kan tenne eit kaffibål med reint trevirke om hausten og vinteren i skog og mark, det vil seie i perioden 16. september til 14. april.  

 

I perioden 15. april til 15. september er det eit generelt forbod mot å tenne opp eld i eller i nærleiken av skogmark utan særskilt løyve.

 

Unntak må søkjast om

Ta kontakt med Servicetorget om du vil søkje om bålbrenning, tlf. 57 72 20 00, eller fyll ut søknadsskjema.

 

Om du treng hjelp til å søkje, eller om du treng tilgang til datamaskin, ta kontakt med Servicetorget på tlf. 57 72 20 00 eller på chat/nettprat. 
 

 

Japanske og kinesiske lykter

Bruk av japanske og kinesiske lykter vert brukt stadig oftare i samband med markeringsdagar og på nyttårsafta. Desse lyktene har open eld som skal gje varme i lykta. Du har ikkje kontroll på kor ei slik lykt landar. Det kan fort vere i vedstabelen til naboen, på eit torvtak eller i småskogen rundt bustadfeltet. Lyktene må derfor brukast med aktsemd og brannfaren er stor.

Publisert av Marit Kleiven. Sist endra 22.12.2015 av Marit Kleiven
Fann du det du leita etter?
Tenesteeining (1)

Kontakt

 
 
Login for redigering